Investorar frå Nordvest størst i Tau Tech
Skjelsanke-selskapet Tau Tech har framleis eit solid fleirtal av nordvestlandske eigarar etter kapitalutvidinga.
Eit selskap forvalta av investeringsforvaltningselskapet Norselab i Oslo er største eigar etter den siste kapitalutvidinga i Tau Tech, med 17,3 prosent av aksjane.
Etter Norselab-selskapet er det selskap og personar på Nordvestlandet som dominerer.
Hofseth International i Ålesund, med Roger Hofseth som største eigar, var også med på den siste kapitalutvidinga, og er i dag tredje største aksjonær (sjå oversikt over aksjonærane i tabell under artikkelen).
Tau Tech har utvikla ein metode for sanking av haneskjell, med mål om å kome i gang med det første prøvefisket til hausten.
30 millionar frå Norselab
I følgje Dagens Næringsliv gjekk Norselab-selskapet (Norselab F I Tau) inn med 30 millionar kroner i den siste kapitalutvidinga, som saman med lån og tilskot finansierer selskapet fram til fisket kan starte.
Norselab er leia av Yngve Tvedt, bror til dagleg leiar og medgrunnleggar i Tau Tech, Øystein Tvedt.
Storleiken og eigarandelen til Norselab og øvrige aksjonærar fortel mellom anna at Hofseth International gjekk inn med 21,5 millionar kroner og at det vart henta tilsaman i overkant av 70 millionar.
Moffen Invest, nest største aksjonær i selskapet, er eigd av medgrunnleggar Jan Rogne, som no har jobben med å vere prosjektleiar for ombygginga av eit tidlegare offshorefartøy til skjelfiskefartøyet Arctic Pearl.
Tau Tech-satsinga har allereie gitt oppdrag til fleire bedrifter på Nordvestlandet; Fiskerstrand Verft, Evotec og PE Bjørdal.
Fjerde største aksjonær er Tau Invest med blant andre Øystein Tvedt som medeigar. Tvedt er også medeigar i gjennom Tvedt Impact.
Tau Tech investor Saf Invest er eigd av Sverre A. Farstad.
Medgrunnleggar Sverre Olav Farstad eig Stad Holding, medgrunnleggar Bernt Rogne er medeigar gjennom Skarbøvik Holding, medgrunnleggar Karl Fredrik Sandvik gjennom Flamek og medgrunnleggar Bjørn Roppen gjennom Industri Design Offshore Management.
Etter Norselab-selskapet er Fjellstrand-sjef Hans Martin Gravdal og familien største aksjonær utanfor Nordvestlandet, gjennom selskapet Cinus.
Tau Tech-aksjonærane etter kapitalutvidinga | |
Nye aksjonærar i siste kapitalutviding er markert med (NY) | |
Saf Invest var aksjonær frå før, men er også med på kapitalutvidinga | |
Andel i % | |
Norselab F I Tau AS (NY) | 17,3 |
Moffen Invest AS | 16,8 |
Hofseth International AS (NY) | 12,4 |
Tau Invest AS | 11,0 |
Saf Invest AS | 6,5 |
Cinus AS (NY) | 6,0 |
Skarbøvik Holding AS | 5,8 |
Stad Holding AS | 5,8 |
Tvedt Impact AS | 5,8 |
Volstad AS | 3,5 |
Flamek Ltd | 2,9 |
Industri Design Offshore Management AS | 2,9 |
Unifood AS (NY) | 1,7 |
Hillevik AS (NY) | 1,6 |
Sherpa Økonomi AS (NY) | 0,6 |
Publisert: 24.02.2022 06:00
Sist oppdatert: 23.02.2022 19:59