Tango Seaweed Viktor Hauge og Annelise Chapman
POSITIVT: Viktor Hauge og Annelise Chapman i Tango Seaweed er mellom dei som satsar på tang- og tareproduksjon. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Gladmelding for tang- og tareprodusentar

Havministeren meiner det er grunn å vurdere på nytt om næringa kan bli definert som sjømat.

Marius Rosbach
07.02.2022

Den framveksande næringa med tang- og tareprodusentar får ei positiv melding frå hav- og fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap).

– Eg har hatt møter med næringa og meiner det kan vere formålstenleg å gjere ei ny vurdering av om tang og tare skal bli innlemma i fiskeeksportlova, skriv Skjæran i sitt svar på eit skriftleg spørsmål i Stortinget frå Alfred Bjørlo (V).


– Flaskehals for næringa

Bjørlo frå Nordfjordeid ville vite om regjeringa snarst ville ta initiativ til å endre Fiskeeksportlova slik at tang og tare blir definert som sjømat.

Det gjer mellom anna at tang og tare kan promoterast av Sjømatrådet internasjonalt.

– Ein flaskehals for næringa i dag, er at tang og tare utruleg nok ikkje er definert som sjømat i lovverket, og dermed ikkje kan få marknadsføringshjelp frå Sjømatrådet. Dette hemmar utviklinga av næringa, og gir også negative signal til mulige investorar som vil satse på dyrking av tang og tare, påpeiker Bjørlo i grunngjevinga for spørsmålet.

Trur på milliardeksport
Tidlegare har departementet vurdert at ei lovendring ikkje er hensiktsmessig, fordi næringa er liten og gir lite inntekt.

Venstrepolitikaren meiner det ikkje bør vere eit vektig motargument mot «ei næring som har så stort potensiale og pr i dag berre er i startgropa».

Bjørlo meiner tang- og tare kan gi eksport i milliardklassen, og at næringa fortener støtte til marknadsføring både innanlands og internasjonalt.

Vil ha meir kunnskap
I svaret til hav- og fiskeriministeren blir det vist til fleire fagstyresmakter vurderte at det var hol i kjennskapen knytt til makroalgar, mattryggleik og helse.

Mellom anna er det enkelte artar som inneheld nivå med tungmetall og jod som er skadeleg for helsa. Europakommisjonen har på denne bakgrunnen vedteke å byggje opp grunnlaget for kunnskap om tang og tare, med utstrekt kartlegging av innhaldet av tungmetall som arsen, kadmium, bly, kvikksølv og jod, påpeiker Bjørnar Skjæran.

– Arbeidet med å kartlegge skulle ha vore ferdig i 2021, men resultata er ikkje klare enno. Arbeidet med å vurdere felles grenseverdiar i EU og EØS for å sikre trygg mat vil venteleg starte opp i år, legg han til.

Publisert: 07.02.2022 08:47

Sist oppdatert: 07.02.2022 13:12

Mer om