Farstad selger ut paa Bjorli
BOD I VENTE: Bustyrar i Bjorli Skisenter har fått varsel om eit komande bod på skianlegget etter konkursen.
Nytt

Ventar bod på Bjorli-anlegg

Aksjonærgruppe har vist interesse for det konkursråka skiheisanlegget på Bjorli.

21.05.2025

Bustyrar Anders Gustav Bjørnsen skriv i eit tekstmelding til Nett No at han har fått munnleg melding om at eit bod snart vil kome. 

Ei interessegruppe med aksjonærar i konkursråka Bjorli Skisenter og selskapa Bjorli Skisenter Holding og Bjorli Utvikling arbeider med å sjå om det er grunnlag for å legge inn eit bod på buet i Bjorli Skisenter

Bjørnsen opplyser ikkje kven den komande bodgivaren er.

Selskapet Bjorli Skiheiser, som eigde og dreiv skianlegget på Bjorli gjekk konkurs 7. mai  i år. Då hadde dei 40 millionar kroner i gjeld etter ein elendig slutt på skisesongen.

Treng skianlegget
Bjorli Skisenter var eigd av Bjorli Skisenter Holding, med fleire kjende personar i næringslivet i Ålesund og Molde på eigarsida.

Eigarskapen er langt på veg lik i selskapet Bjorli Utvikling, som har sikra seg kontroll over eit areal med plass til 1200 nye fritidsbustadar, hotell, butikkar og servicebygg.

Utfordringa er at utviklingsselskapet treng eit attraktivt skianlegg for å få fleire til å kjøpe fritidsbustad på Bjorli, eller bu på hotell der. 

Godkjenning i fare
I sommar skulle stolheisa i skianlegget vedlikhaldast og utbetrast for å tilfredsstille krava som skulle gi godkjenning til drift for nye 15 nye år.

Utan den misser skianlegget mykje av kapasiteten til å frakte skiløparane opp til toppen av bakken. 

Utan stolheisa er det tvilsamt om det er grunnlag for drift av skianlegget på Bjorli, etter tidlegare styreleiar Sverre Sellæg Tysland i Bjorli Skiheiser si vurdering.

Meir om saka: 

Publisert: 21.05.2025 09:05

Sist oppdatert: 21.05.2025 09:05

Mer om