Ventar fleire konkursar i servicebaatnaeringa
UTSETT BRANSJE: Servicebåtnæringa består i dag av 300 fartøy i 60 reiarlag. Einar Stephansen, seniorrådgivar i Rambøll Norge, seier at dei ventar fleire konkursar i åra som kjem. 
Nytt

– Ventar fleire konkursar i servicebåtnæringa

Fleire bedrifter innan servicebåtnæringa har gått konkurs dei siste åra, og enno fleire konkursar er venta, meiner rådgjevar.

13.02.2020
NPK: – Kapasiteten i servicebåtnæringa er for stor, det er for mange fartøy i drift. Vi forventar fleire konkursar, seier seniorrådgivar Einar Stephansen i Rambøll Norge til .
Han meiner det vil styrkje andre reiarlag at fartøy blir tekne ut av drift, og at nokre legg ned drifta.
Servicebåtnæringa består i dag av 300 fartøy i 60 reiarlag. I 2018 omsette næringa for 2,4 milliardar kroner.
– Det er dei mest driftseffektive og kostnadseffektive reiarlaga som vil overleva. Det er eit sunnheitsteikn for næringa at samla kapasitet blir redusert, seier Stephansen.
Stephansen har i fleire år laga ei oversikt for iLaks over dei størte servicebåtreiarlaga i Noreg.
Økonomianalysen for 2019 er enno ikkje lagt fram, men vil ifølgje iLaks vise at servicebåtnæringa har mange finansielt sterke bedrifter, men også kandidatar som bør restrukturere eller avvikle drifta.

Publisert: 13.02.2020 13:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52