Ventar fullt hus på Klyngekonferansen
Bransjen sviktar ikkje, sjølv om deltakarane for første gang må betale.
Den årlege konferansen til klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime Cluster i neste veke er meir omfangsrik enn tidlegare.
Menon Economics sin gjennomgang av tilstanden og stemninga blant bedriftene i den maritime klynga er fast innslag og eit viktig trekkplaster. Men i år er konferansen også utvida i tid, mellom anna for å belyse årets tema, "Innovasjon som konkurransefortrinn", gjennom fleire foredrag.
To prisar
Nytt av året er også utdelinga to prisar: "«Innovation of the year» og «Blue Maritime Cluster Award».
Til Innovasjonsprisen er det nominert tre kandidatar; Vard for designet av vindkraftkonstruksjons-skipet Rem Power, Seaonics for sine skipskraner med rørslekompensasjon (ECMC-Cranes) og Ultmatec Pyro sin teknologi for å lage straum av overskotsvarme.
Den andre prisen, «Blue Maritime Cluster Award», skal gå til ein person eller ei bedrift som har bidratt ekstra til å utvikle og styrke den maritime klynga.
Betaling
Etter krav frå Siva, Innovasjon Norge og Forskingsrådet har GCE Blue Maritme innført medlemsavgift.
Dei tre aktørane i det offentlege verkemiddelapparatet finansierer klyngeprogrammet, som GCE Blue Maritime er ein del av.
Medlemsavgifta - og no at Klyngekonferansen ikkje lenger er gratis - er ein konsekvens av ei innskjerping av krava til korleis klynga brukar den offentlege støtta.
Medlemsavgifta ser ikkje ut til å ha hatt nokon negativ effekt på interessa for å vere medlem i klynga og årets klyngekonferansen ligg an til å nå taket på 300 deltakarar ifølgje kommunikasjonssjef Elisabeth Solvang i Åkp. Per i dag er det 230 påmelde.
Les også
Frå årsskiftet må medlemmene i den maritime klyngeorganisasjonen betale for å vere med.
Tjukkare ordrebok i år og færre skipsverft i minus i fjor enn året før. Sjå resultatoversikt.
Publisert: 14.09.2023 15:26
Sist oppdatert: 14.09.2023 15:28