Daniel Garden klyngeleder GCE Blue Maritimem foto Ogne
NY KURS: Klyngeleiar Daniel Garden i GCE Blue Maritime høyrer på berekraft-analytikar Thina Saltvedt under klyngekonferansen i dag. GCE Blue Maritime lanserte tidlegare i år satsing på utvikling av skip med reduserte eller ingen CO2-utslepp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

GCE Blue Maritime med medlemsavgift

Frå årsskiftet må medlemmene i den maritime klyngeorganisasjonen betale for å vere med.

23.09.2021

Det er krav frå Siva, Innovasjon Norge og Forskingsrådet som er grunnen til at medlemsavgifta blir innført.

Dei tre aktørane i det offentlege verkemiddelapparatet finansierer klyngeprogrammet, som GCE Blue Martime er ein del av.

Krav om medlemsavgift i klyngene har vore der i mange år, men hittil har GCE Blue Maritime fått drive slik at bedriftene bidrar med å stille med tid og folk i prosjekt dei er med i. Frå årsskiftet må også GCE Blue Maritime rette seg etter normen. Då blir det også medlemsavgift.

Trur dei flest blir med
Klyngeleiar Daniel Garden i GCE Blue Maritime seier han ventar at omlag 90 prosent av dei 200-220 medlemane i den maritime klynga kjem til å bli med vidare, sjølv om dei må betale.

Kor mykje som skal betalast, og korleis modellen for medlemavgifta blir truleg ikkje avklart før i første kvartal neste år.

Tydlegare klynge
GCE Blue Maritime la tidlegare i år fram ein ny strategi, med ei satsing på å utvikle og bygge skip med lite eller ikkje noko utslepp av CO2.

Den nye strategien krev at klynga framstår meir reindyrka og tydlegare som ein sjølvstendig organisasjon, seier Garden. I dag er klynga sett som ein del av miljøet knytt til ÅKP, som også driv ein biomarin klynge, teknologiutvikling og utvikling av nyeetablerte og vekstbedrifter, meiner Garden.

- Det er for å skape engasjement, seier han om kvifor GCE Blue Maritime må bli tydlegare.

Den nye strategien er så ambisiøs at det er viktig at medlemane i klynga er aktivt med for å nå måla, meiner Garden.

Publisert: 23.09.2021 15:22

Sist oppdatert: 23.09.2021 15:48