Hallvard Pettersen
STOPP: Ettermarknaden, service og vedlikehald, er viktig for Volda Brunvoll, men koronaepidemien legg framleis ein dempar på aktiviteten, seier Brunvoll Volda-sjef Hallvard Pettersen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar gradvis oppsving i haust

På det verste hadde Hallvard Pettersen 40 prosent av sine tilsette permittert. I haust ventar han å gradvis vende tilbake til før-korona-tilstandar.

18.06.2021

Brunvoll Volda lagar gir og propellar, og montørane til selskapet reiser verda rundt for å drive vedlikehald og service på utstyr kundane har i skipa sine.

Då koronaepideminen kom var det stopp på reisinga, både for montørane og for seljarar som skulle skaffe nye oppdrag.

Resultatet var at 40 prosent av dei tilsette var permittert på det verste. Selskapet har 140 tilsette.

Seinare og dyrare
I produksjonen var ingen permitterte før i mars i år. Då kom dei første permitteringane der, og no er seks permitterte i produksjonen. Ellers i bedrifta er alle i arbeid.

- Alt går litt seinare, alt kostar litt meir, seier administrerande direktør Hallvard Pettersen i Brunvoll Volda om verknaden av koronaepiodemien.

I Noreg reiser Brunvoll Volda-tilsette i dag fritt, med unntak av at dei arbeider på heimekontor i to dagar etter reise. Etter utanlandsreiser må dei i karantene. Både smittefaren og reiserestriksjonane gjer at det blir reist mindre.

Betring i haust
Etterkvart som fleire blir vaksinert blir det lettare å reise, og i løpet av tredje og fjerde kvartal ventar selskapet er gradvis oppsving i både serviceoppdrag og nye oppdrag.

Teikna til lettare vilkår er der allereie.

- Det er positivt når KLM startar ruta frå Vigra igjen, seier Pettersen.

Brunvoll Volda as
Tal i mill. kroner 20202019
Driftsinntekter320,7397,4
Driftsresultat4,6

22,6

Resultat før skatt3,923,5

Publisert: 18.06.2021 12:30

Sist oppdatert: 18.06.2021 12:26

Mer om