Eemslift hendrika slep foto kystverket stig jacobsen 11
SLEPT I SIKKERHEIT: Lasteskipet blei slept til land av offshoreskipet Normand Drott og lagt til kai i Ålesund fredag. Foto: Stig Jacobsen/Kystverket
Nytt

Ventar med tilsyn på havarert lasteskip

Sjøfartsdirektoratet går truleg om bord i løpet av veka.

Marius Rosbach
12.04.2021

Mot slutten av veka skal Sjøfartsdirektoratet etter planen om bord på lasteskipet Eemslift Hendrika for å gjere tilsyn.

Kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i direktoratet opplyser til NETT NO at skipet først skal lossast og at ein reknar med at det vil skje onsdag. Når det er klart vil inspektørar frå direktoratet gå om bord, truleg torsdag eller fredag.

Lasteskipet som mista motorkraft og måtte bergast frå å drive på land ved Stad, ligg måndag til kai ved Flatholmen nord for Ålesund sentrum.

Sjå bilde frå webkamera (ekstern lenke)

Har fleire spørsmål
Sjøfartsdirektoratet skal gjere ein sokalla hamnestadskontroll. Mellom det dei vil ha svar på, er kva som skjedde i dagane frå den første nødmeldinga blei sendt ut måndag, og til skipet kom til hamn fredag.

Dei vil også spørje om lastesikring, vurderinga av å gå i hardt ver og få eit overblikk over skadeomfanget.

Thrusterar under dekk som sleit seg, skal ha vore årsaka til at skipet fekk slagside. Det er også skader på to ballasttankar, som må utbetrast før skipet kan segle att.

Fordi skipet er registrert i Nederland, er det styresmaktene her som har ansvaret for å gjere ei grundigare undersøking av hendinga – tilsvarande det som blir gjerast av den norske havarikommisjonen for transport.

Publisert: 12.04.2021 14:26

Sist oppdatert: 12.04.2021 14:40