Eemslift hendrika slagside innfelt einar vik arset foto kv sortland kystverket 11
KRAFTIG SLAGSIDE: Bilde teke frå KV Sortland viser korleis lasteskipet låg med betydeleg slagside. Kystdirektør Einar Vik Arset (innfelt) er nøgd med korleis situasjonen er handtert. Foto: KV Sortland.
Nytt

Kystdirektøren nøgd med aksjonen

Veret var avgjerande for at det ikkje blei sett slep på lasteskipet tidlegare. Fredag kjem skipet til kai i Ålesund.

Marius Rosbach
08.04.2021

Kystdirektør Einar Vik Arset seier seg alt i alt nøgd med korleis situasjonen kring det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika blei handtert. Ved 16.30-tida torsdag er skipet i ferd med å bli lagt til kai ved Flatholmen i Ålesund.

Sjekk webkamera frå hamna her (ekstern lenke)

Mange opplevde det som dramatisk då kontrabeskjeden kom onsdag kveld om at det likevel var fare for at skipet skulle hamne på land. Kystdirektøren fortel at veret med grov sjø var den viktigaste årsaka til at dei ikkje ville aksjonere tidlegare.

– Vi jobbar ut frå drivbaneberekningar som er basert på litt ulike data som sprika litt tidlegare på dagen. Ein del av desse tyda på at skipet ville bevege seg utover til havs, men vi såg etter kvart at det ikkje skjedde, fortel Aarset til NETT NO om opptakten til aksjonen onsdag kveld.

(saka held fram under)

Eemslift hendrika webkamera ålesundregionens hamnevesen 11
TIL KAI: Lasteskipet var ved 17-tida torsdag trygt til kai ved Flatholmen nord for Ålesund sentrum. Foto: Webkamera Ålesundregionens Havnevesen

Hadde vervindu på kvelden
Ved 19-tida blei det klart at skipet kunne drive i land i løpet av kring åtte timar. Då blei det avgjort å iverksette statleg aksjon, som mellom anna inneberer mobilisering av oljevernberedskap på land.

– Onsdag kveld hadde vi samtidig eit vervindu som var betre. Det er noko heilt anna å sette folk om bord når det er bølgjer på fire meter, samanlikna med kanskje 14 meter. Vi har eit ansvar for sikkerheita til dei som blir sette om bord på havaristen, påpeiker han.

Fekk satt slep på ein time
Då aksjonen blei sett i verk gjekk ting raskt unna. Ved 21.30-tida blei bergingsmannskap firt ned frå helikopteret, og ein time seinare var det satt slep. AIS-sporinga viste kursen til lasteskipet i løpet av kort tid dreia nordaustover.

– Alt i alt må vi seie at dette blei handtert bra, ikkje minst takka vere godt samarbeid mellom reiar, Kystvakta og spesialistane som blei hyra inn for å borde skipet. Også hovudredningssentralen var avgjerande, ikkje minst når det kom til å vurdere risikoen for dei som skulle om bord, seier Arset.

(saka held fram under)

Eemslift hendrika flø foto marius 11
SAKTE SLEP: Etter at det blei sett slep på lasteskipet seint onsdag gjekk turen i drygt to knops fart nordover mot Ålesund. Her er Nordmann Drott og eit kystvaktskip til høgre, og lasteskipet med ein mindre bergingsbåt til venstre. Foto: Marius Rosbach

Til kai på Flatholmen
Torsdag gjekk slepet gått sakte, men sikkert nordover og inn Breisundet mot Ålesund.

Kystdirektøren fortel at dei tek seg god tid på denne delen av aksjonen, ikkje minst for å sikre at det ikkje blir større skadar på lasteskipet.

Skipet blei seint fredag ettermiddag lagt til kai ved Flatholmen nord for Ålesund sentrum. I første omgang skal det gjerast ei vurdering av skadeomfanget, før det blir avgjort kva som skjer vidare.

Sjå video frå slepet:

(saka held fram under)

Sjøfartsdirektoratet på tilsyn
Fordi skipet er registrert i Nederland, er det styresmaktene her som har ansvaret for å gjere ei grundigare undersøking av hendinga – tilsvarande det som blir gjerast av den norske havarikommisjonen for transport.

Også Sjøfartsdirektoratet planlegg å kome om bord i skipet når forholda ligg til rette for det, truleg over helga.

– Først vil det vere ein del sikringsarbeid som skal gjerast. Når det er klart, skal vi gjere det vi kallar ein hamnestadskontroll. Det er eit tilsyn som vi gjer for å sjekke at formalitetane er i orden og få ein oversikt over skadeomfanget, fortel kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NETT NO.

Lasteskip eemslift hendrika skjermdump foto redningshelikopteret florø hrs sør norge 11
MÅTTE I SJØEN: Dei siste av mannskapet måtte gå i sjøen tysdag kveld, før dei blei plukka opp i helikopter. Foto: Redningshelikopteret Florø/HRS Sør-Norge

Publisert: 08.04.2021 16:21

Sist oppdatert: 15.04.2021 10:41

Mer om