Eemslift hendrika webkamera ålesundregionens hamnevesen 11
TIL KAI: Lasteskipet er trygt til kai ved Flatholmen nord for Ålesund sentrum etter den dramatiske seglasen. Foto: Webkamera Ålesundregionens Havnevesen
Nytt

– Tydeleg store krefter som har vore i sving

Havarert lasteskip treng reparasjon før det kan legge til havs – men truleg vankar det ikkje noko større oppdrag for lokale verft.

Marius Rosbach
09.04.2021

Det havarerte lasteskipet Eemslift Hendrika var fredag ettermiddag framleis ikkje overlevert frå bergingsselskapet Smit Salvage til reiarlaget.

Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet har likevel vore om bord for å få eit overblikk over situasjonen på fartøyet.

– Det har tydeleg vore store kreftar i sving, og det er mellom anna skader på to ballasttankar på fartøyet. Det i seg sjølv betyr at skipet må på verkstad for relativt omfattande reparasjonar, fortel kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NETT NO.

Korleis skadene har oppstått er for tidleg å seie, men det kan vere laga av lause gjenstandar om bord på den dramtiske seglasen.

Teknisk sjef Kristian Hjertvik i AQS - selskapet som fekk berga arbeidsbåten som stod på dekk av lasteskipet - fortalde til VG allereie måndag at det var thrusterar som blei frakta under dekk, som hadde losna og forskjøve seg, som gjorde at skipet fekk slagside.

Sjå video frå slepet:


Vil truleg segle til eit kjent verft
Reiarlaget har to moglegheiter i ein slik situasjon; anten å reparere midlertidig og gå til eit anna verft for å få gjort jobben ferdig, eller å velje eit verft lokalt for å gjere jobben.

– Av erfaring vil reiarlaget ofte gå til eit verft som allereie kjenner fartøyet, og det første signalet gjekk på at dei ville gå for ei midlertidig løysing og segle skipet til Tyskland eller Nederland, seier Aarhus til moglegheitene til at bergingsaksjonen kan gi eit oppdrag til den lokale maritime klynga.

Ein del arbeid står likevel att før skipet kan gå til verkstad. Truleg må det mellom anna tømmast for last. Om bord er det 350 tonn olje og 50 tonn diesel som gjorde at det var frykt for ei større miljøkatastrofe før lasteskipet blei tatt i slep få nautiske mil frå land ved Stad onsdag kveld.

Vi ønsker å få vite kva som har skjedd, om det har vore god nok lastesikring og vurderinga kring det å gå i hardt ver
Dag Inge Aarhus

Vil stille fleire spørsmål over helga
Eit meir grundigare tilsyn av det nederlandsk-registrerte skipet vil truleg først bli gjort over helga, i form av ein sokalla hamnestadskontroll.

– Då vil vi også undersøke litt kring hendingane denne veka. Vi ønsker å få vite kva som har skjedd, om det har vore god nok lastesikring og vurderinga kring det å gå i hardt ver, seier kommunikasjonsdirektøren.

Fordi skipet er registrert i Nederland, er det styresmaktene her som har ansvaret for å gjere ei grundigare undersøking av hendinga – tilsvarande det som blir gjerast av den norske havarikommisjonen for transport.

Det var måndag denne veka at lasteskipet sende ut nødmelding etter å ha fått slagside i havet nordvest for Ålesund. På dekk blei det frakta ein rekke båtar – mellom anna ein arbeidsbåt til AQS. Denne båten sleit seg etter at skipet mista motorkraft og mannskapet hadde forlate fartøyet, men blei seinare berga og slept til land.

Publisert: 09.04.2021 16:22

Sist oppdatert: 15.04.2021 10:41

Mer om