Frykta lasteskip skulle gå på grunn
Kystverket budd på oljevernaksjon – seint onsdag fekk bergingsmannskap kontroll på situasjonen.
Onsdag kveld opplyste Kystverket at forholda kring den nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika har endra seg, og at det likevel var fare for at fartøyet går på land natt til torsdag.
Det blei derfor sett i verk sokalla statleg aksjon, som tilseier at det blir mobilisert oljevernressursar i området.
Ved 21.30-tida opplyser Kystverket at bergingsmannskap er om bord i lasteskipet og i gong med å sette slep forut og akterut.
Ein dryg time seinare viser AIS-sporinga til lasteskipet ei tydeleg retningsforandring nordaustover, som kan tyde på at dei har lukkast med å sette slep på fartøyet.
Rett før klokka 23 stadfesta Kystverket til VG at dei hadde fått satt slep på lasteskipet og at dei hadde kontroll på situasjonen.
Ved 01-tida blei lasteskipet slept nordover med ei fart på nær tre knop. Fremst gjekk ankerhandteringsskipet Normand Drott, som har ei slepekraft på 339 tonn. Målet var å få havaristen inn til tryggare farvatn ved Breisundet i løpet av natta.
Ifølgje nye anslag onsdag kveld kunne lasteskipet nå land kring 4-5-tida tidleg torsdag morgon.
Ved 21-tida opplyste Kystverket i ei melding på si nettside at eit helikopter var på veg ut til havaristen med bergingsmannskap for å gjere eit forsøk på å sette slep på lasteskipet som har vore drift sidan måndag.
På det tidspunktet låg havaristen ti nautiske mil frå land med kurs mot Stad.
- Forholda har endra seg i løpet av ettermiddagen og kvelden, og vi er bekymra for at fartøyet ikkje følgjer den drivbana den opphavlege planen var basert på, uttaler beredskapsdirektør Hans-Petter Mortensholm i Kystverket i meldinga.
Så seint som onsdag ettermiddag ble det vurdert at det var liten risiko for at lasteskipet ville nå land, før bergingsmannskapa planla å aksjonere tidleg torsdag.
Sjekk siste oppdatering frå Kystverket her
Følg AIS-sporinga til skipa i området her (ekstern lenke)
Publisert: 07.04.2021 21:10
Sist oppdatert: 15.04.2021 10:42