Ventar toeff nybyggingsmarknad
GODE TAL: Finansdirektør Gyrid Skalleberg Ingerø og konsernsjef Geir Håøy var svært fornøgd med tala Kongsberg Gruppen la fram i dag, men ønsker seg litt hjelp frå nybyggingsmarknaden for skip for å få eit større løft for den maritime verksemda.
Nytt

Ventar tøff nybyggingsmarknad

Kongsberg Gruppen ventar laber skipsbyggingsaktivitet også i år.

12.02.2020
Litt hjelp frå marknaden for å nå målet om auka lønsemd i den maritime verksemda står på ønskelista hos Kongsberg Gruppen, men det er ikkje eit ønske selskapet ventar blir oppfyllt i år.
- Vi har ikkje lagt til grunn vekst i nybyggingsmarknaden, seier konsernsjef Geir Håøy om forventninga for 2020.
Etter kjøpet av marinedivisjonen til Rolls-Royce sette Kongsberg Gruppen ei mål om å redusere kostnadar og hente ut samordningsgevinster på i alt 500 millionar kronar årleg innan 2022. Det har gått langt raskare enn venta, og i dag varsla selskapet at målet blir nådd allereie i år. Oppkjøpet gjorde og Kongsberg Gruppen til ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet.

Ettermarknaden viktigast

I 4. kvartal utgjorde ettermarknaden - vedlikehald, reparasjonar og inspeksjonar - i overkant av halvparten av driftsinntektene frå Kongsberg Maritime, som også omfattar den tidlegare marinedivisjonen i Rolls-Royce.
Ordreinngangen frå ettermarknaden auka både i fjerde kvartal og i 2019 samla. Det gjenspeglar at fleire skip er i drift.

1,2 milliardar i utbytte

Kongsberg Gruppen vil betale ut 1,25 milliardar kroner i utbytte etter 2019, så sant avtalen om å .
Det ordinære utbyttet er foreslått til 450 millionar kroner, det ekstraordinære til 1,8 milliardar kroner.
I tillegg ønskjer selskapet å kjøpe tilbake eigen aksjar for 500 millionar kroner.

Publisert: 12.02.2020 15:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52