Stein Aam foto Ogne
MINDRE VERDT: Med den auka skatten for kraftselskapa vil Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) sjå at verdien av kommunen sine aksjar i Tussa blir omlag 65 millionar kroner mindre verdt. Ørsta er største eigar i kraftselskapet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Verdiar for over 200 millionar borte

Ny kraftskatt kuttar verdien av Tussa med fem prosent.

10.10.2022

Tussa er verdt over fire milliardar kroner i følgje er fersk verdivurderinga av kraftselskapet. Verdivurderinga er gjort i samband med samtalane om ei eventuell samanslåing med Stranda Energi.

Den auka skatten på kraftselskapa som finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) varsla om 28. september i år vil reduserer verdien av Tussa med fem prosent, over 200 millionar kroner.d

Det viser berekningar Tussa har gjort, basert på korleis skatteauken vil slå ut for lønsemda for selskapet.

65 millionar mindre verdt
For Ørsta kommune, som er største aksjonær med 32,2 prosent av aksjane betyr eit verdifall på fem prosent av aksjeposten i Tussa er omlag 65 millionar kroner mindre verdt.

Med unntak av Kommunal Landpensjonskasse (KLP) sin aksjepost i Tussa er kraftselskapet eigd av kommunar på Søre Sunnmøre og Stryn kommune.

Verdifallet på Tussa-aksjane tappar ikkje kommunekassene for kontantar. Men lågare lønsemd etter skatt, som er årsaka til verdifallet, svekkjer grunnlaget for utbetaling av utbytte framover.

Tener mindre på kraft
Driftsinntektene og lønsemda til Tussa-konsernet er redusert pr. 2. tertial 2022 samanlikna med årets åtte første månadar i 2021 (sjå tabell).

Hovudårsaka er at selskapet har fått mindre betalt for krafta selskapet produserer i år samanlikna med same periode i fjor.

I eit notat til eigarkommunane skriv Tussa-sjef Elling Dybdal at skatteauken regjeringa vil pålegge kraftselskapa frå neste år slår urimeleg ut for kraftprodusentane utanom Austlandet og det sørlege Vestlandet, som har fått langt meir betalt for krafta si enn kraftprodusentar frå Sognefjorden og nordover:

"Med utgangspunkt i dei eventyrlege resultata som er presentert frå kraftselskap i sør, ser eg det som heilt naturleg at skatteskjerpinga måtte kome. Vi er dessverre i ein region med eit heilt anna prisnivå enn i sørlege Sør Noreg og blir dessverre dregen med i dragsuget av «likskap for lova». Som kraftprodusent nordanfor dei eventyrlege prisane, må det likevel vere rettkome å be om at skattereglane i nokon grad blir differensierte utifrå kva prisområde kraftverka ligg i og det same med verknadsdato.", skriv Dybdal i notatet.

Tussa as (konsern)

Pr. 2. tertial. I mill. kroner

20222021
Driftsinntekt606,4618,4
Driftsresultat81,0129,9
Resultat før skatt56,2116,5

Publisert: 10.10.2022 14:52

Sist oppdatert: 10.10.2022 16:44

Mer om