Legg millionplanar i skuffa
Tafjord hadde henta fram utbyggingsplaner for 100 millionar. No blir dei lagt tilbake i skuffa.
- Det er ingen investorar som tek sjansen på å investere når dei ser avkastninga gå ned mot null, seier Tafjordsjef Erik Espeset.
Han kallar regjeringa sitt framlegg om å auke skatten for kraftselskapa som kanskje det mest sentraliserande som har skjedde på ti år, og eit tiltak som er stikk i strid med målet om å få bygd ut meir fornybar kraft.
Regjeringa vil auke den såkalla grunnrenteskatten for kraftselskapa frå 37 til 45 prosent. Grunnrenteskatt er skatt på ekstraordinær gevinst på verdien av å utnytte felles naturressursar. Den kjem i tillegg til den vanlege skatten på 22 prosent av overskotet.
Ålesund kommune er største aksjonær i Tafjord-konsernet med 52,6 prosent av aksjane. Tafjord betalte 70 millionar utbytte etter 2021.
Fryktar meir
Dess høgare skattesats, dess mindre blir det att til selskapet og selskapet sine eigarar. Espeset fryktar staten ikkje vil stoppe med den skatteauken som er foreslått no. For investeringar som blir planlagt med eit 50-årsperspektiv er det ekstra utfordrande fordi verdien av investeringar - for eigarane - kan minke med komande skatteauke.
- Grunnrenteskatten vart innført på 90-talet og er auka gradvis. Kvifor skal vi trur det stoppar der, seier Espeset om skattesatsen regjeringa no har foreslått.
Opp av skuffa - og ned igjen
Tafjord-konsernet hadde henta fram planar om investeringar i vasskraftutbygging for omlag 100 millionar kroner over nokre år, planar som no blir lagt attende i skuffa.
Strategien for Tafjord blir no i staden å mjølke dei investeringane som er gjort i anlegga til selskapet ut den tekniske levetida, før nye investeringar blir gjort.
Det er eigarane som stiller med eigenkapital for investeringane Tafjord hadde tatt fram planane om, i hovudsak ved å godta eit redusert utbytte. No blir det vanskelegare å be eigarane vere med på det sidan staten tek meir av gevinsten av investeringane.
100 millionar er mindre investeringar i Tafjord-samanheng.
Dei verkleg store investeringane er fornying av eksisterande kraftverk.
Då er det snakk om milliardinvesteringar, seier Espeset. Det gir ein relativ liten auke i produksjonen, fordi eldre kraftverk allereie har ein høg utnyttingsgrad, men kan i tillegg gjere at kraftverka lettare kan skru opp og ned på produksjonen i takt med kva som er tilgjengeleg frå andre kjelder, som vind- og solkraft.
Publisert: 30.09.2022 15:30
Sist oppdatert: 30.09.2022 14:53