Verftsbransjen rosar Frp sin innsats
MARITIME SIGRAR: Frp-toppane Sylvi Listhaug, Siv Jensen og Jon Georg Dale kan gle seg over gode tilbakemeldingar, mellom anna frå Asle B. Strønen (innfelt) i Norske Skipsverft. 
Nytt

Verftsbransjen rosar Frp sin innsats

«Eksemplarisk» er reaksjonen frå Norske Skipsverft om Frp sine budsjettgrep. Sylvi Listhaug seier ho er sjokkert over kriseforståinga i regjeringa sitt forslag.

Marius Rosbach
02.12.2020

Reaksjonane både frå verft, reiarlag og organisasjonar har vore positive etter at budsjettavtalen mellom Framstegspartiet og regjeringspartia blei kjent.

Endringa om at GIEK kan garantere forskotet reiarane betalar inn til når dei skal bygge nye skip, har vore mellom ønska frå næringa.

– Det er all grunn til å gi Frp honnør for den forståinga dei har vist for situasjonen til verftsindustrien, og det arbeidet partiet har gjort for å betre verfta sin situasjon. Her har dei gjort politiske grep som har famna både reiarlag og verftssektoren på ein eksemplarisk måte, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft til NETT NO.

Trur på vrakpant for offshoreskip
Strønen peiker på endringane i garantiordninga og styrking av vrakpantordninga som to positive grep, som han trur kan bidra til auka aktivitet.

– Ei kondemneringsordning som også gjeld offshoreskip, er både miljømessig riktig og eit gode fordi den kan ta ut overskott av tonnasje, fortel Strønen.

Når det gjeld kondemneringsordninga, håpar bransjeorganisasjonen det også kjem inn eit krav om at arbeidet skal gjerast ved bedrifter som har verksemd i Norge.

Frp fekk også inn eit punkt om at det i første rekke er norsk språk som skal nyttast når staten skal investere på maritim sektor det komande året.

Listhaug: – Heilt sjokkerande
Krisehjelp som kan bidra til å skape ny aktivitet har vore eit gjentakande ønske frå bransjen heilt frå i vår. Så langt har det vore lite konkrete tiltak som er lagt på bordet frå regjeringa si side.

Sylvi Listhaug som sjølv kjem frå Sunnmøre, har vore sentral gjennom forhandlingane. Ho er ikkje imponert over kriseforståinga i forslaget regjeringa kom med i oktober.

– Det er heilt sjokkerande at regjeringa kunne legge fram eit statsbudsjett med forslag om å kutte i nettolønnsordninga, i ei tid då mange norske sjøfolk er sett på land og mange reiarlag slit tungt. At dei heller ikkje hadde noko nemneverdig elles av hjelp til den maritime klynga, er heilt uforståeleg, meiner ho.

– Fleire reiarar kan tørre å bestille
Listhaug håpar at endringane i garantiordning vil bidra til at fleire lønnsame prosjekt blir gjennomført. Ei slik krisehjelp vil ikkje innebere direkte pengestøtte, eller utgifter for staten - så lenge byggeprosjekta ikkje endar med økonomisk havari.

– Ordninga inneber at GIEK kan gi ein garanti som sikrar at reiaren får tilbake forskottet som dei har betalt inn, inntil 50 prosent av risikoen i det enkelte prosjekt. Det blir ei endring som vil gjelde for norske reiarar som skal bygge ved norske verft og skal nytte fartøyet i Norge, fortel Listhaug.

– Det betyr at fleire reiarar kan tørre å bestille båtar og bidra til at verfta får betre likviditet ved at dei får inn pengar tidleg å prosessen og kan ta opp mindre byggjelån, legg ho til.

– Rimeleg tilfreds
Meldinga frå Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest er at dei no er «rimeleg tilfreds» med statsbudsjettet for neste år. Ingjerd trekk fram gjennomslaget om nettolønnsordninga for sjøfolk som viktig.

– I tillegg har Frp fått gjennomslag for viktige aktivitetsskapande tiltak i budsjettavtalen, seier Ingjerd og viser til auka GIEK-garantiar og styrking av vrakpantordninga.

Han saknar likevel fleire tiltak som kan auke tempoet i ombygging av fartøy. Han påpeiker óg at bygging av fleire statlege fartøy, kunne gitt fleire oppdrag til næringa.

Reiar nøgd med nettolønna
Brønnbåtreiar Roger Halsebakk i Sølvtrans peiker også på styrkinga av nettolønnsordninga og omtalar avtalen som «svært gledeleg», i ei pressemelding.

Reiaren meiner forslaget frå regjeringa om å gjeninnføre eit tak i ordninga ville «opna ein moglegheit for utflagging og dårlegare vilkår for norske sjøfolk».

NETT NO omtala nyleg anslag frå brønnbåtreiarlaget Intership, som viste at driftskostnadene deira kunne auka med ti prosent som følgje av forslaget som regjeringa la på bordet.

Les heile avtalen mellom partane (ekstern lenke til pdf-fil)

Les også: Maritim krisepakke og oppstart for skipstunnel

Verftsleiar om garantiforslag: – Ekstremt positivt

Risikerer ti prosent auka driftskostnader

– Kan ikkje undervurdere kor viktige dei maritime næringane er


Det betyr at fleire reiarar kan tørre å bestille båtar og bidra til at verfta får betre likviditet

Publisert: 02.12.2020 16:21

Sist oppdatert: 14.08.2021 00:28