Vestlandslefsa tilbake til vestlandet
STRANDA: Investeringane Orkla no gjer, gir auka mulegheiter for innovasjon og framtidig vekst på Stranda.
Nytt

Vestlandslefsa tilbake til vestlandet

I morgon blir det nye lefsebakeriet i Svemorka opna med brask og bram. - Dette er ein del av dei nye, store investeringane vi no gjer på Stranda, seier Bjørn Brennskag i Orkla. 

Kristin Vidhammer
04.11.2015
At Orkla valde å flytte lefsebakeriet frå Lierne i Trøndelag til Stranda, gjer at kommunen blir ytterleg styrka innen næringsmiddelproduksjon.
- Vi ynskjer å legge all deigbasert produksjon til Stranda, derfor blir der no både pizza- og lefseproduksjon. Lefsebakeriet er berre ein del av dei store investeringane vi no gjer. Til saman investerer vi ca. 180 millioner kroner i bakeriet og det nye pizza-fryseriet som skal stå ferdig første halvår 2016, seier kommunikasjonssjef Bjørn Brennskag i Orkla Foods Norge.
Det er administrerande direktør i Orkla Foods Norge, Paul Jordahl, som saman med plassjef Hans Jostein Langlo i Stabburet på Stranda, som vil stå som vertskap for opninga torsdag.

Lieren-lefse frå Sunnmøre

Med dette ønsker Orkla Foods Norge å markere oppstarten av det nye bakeriet for Vestlandslefsa og Li-klenning på Stranda. Dette markerer også at flytteprosessen av produksjonen fra Lierne i Nord-Trøndelag er gjennomført.
Det nye lefsebakeriet på Stranda er eit ledd i Orkla Foods Norges si satsing på å bygge ut fabrikken til å bli eit kompetansesenter for all deigbasert produksjon i selskapet.

Har vore ein lang prosess


Når no Orkla Foods Norge flytter ulønsam lefseproduksjon frå Lierne, og satsar på lønnsam produksjon på Stranda, gir dette auka mulegheiter for innovasjon og framtidig vekst på Stranda.

Det tok tid før bygginga av fabrikken kunne byrje fordi kommunen og grunneigarane måtte bli samde om prisen på tomta. Men i fjor haust var det einigheit og
Dermed kunne Stabburet bygge både lefsebakeri og fryseri samtidig.
Også prosessen med å . Det var etterlengta på over 4000 kvadratmeter, med kapasitet på 10.000 pallar med pizza, på industriområdet i Svemorka. Planar som det har vore jobba med i to år.

Viktigaste på 25 år

Ordførar Jan Ove Tryggestad har karakterisert satsinga som den viktigaste på Stranda på 25 år.
– Det handlar om eit av landets største konsern si framtid her på Stranda. Og som assisterande fylkesmann Rigmor Brøste har sagt, er dette ei sak for heile regionen. Derfor er kommunen villig til å betale relativt mykje for grunnen, men vi trur vi får igjen i form av auka aktivitet, sa Tryggestad i fjor haust.
.
Lierne bakeri blei starta i 1990 og seld til Rieber & Søn i 2011. Orkla Foods Norge AS overtok fabrikken på Lierne med tilhøyrende kake- og lefseprodukt som ein del av Rieber & Søn-transaksjonen våren 2013.
Vi ynskjer å legge all deigbasert produksjon til Stranda

Publisert: 04.11.2015 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49