Vestlendingar brukar utanlandsferjene mest
POPULÆRT: Vestlendingar likar å ta utanlandsferje i ferien, slike som MS Bergensfjord.
Nytt

Vestlendingar brukar utanlandsferjene mest

Vestlendingar er dei som er ivrigast etter å ta ferje når dei skal utanlands på bilferie i sommar.

23.06.2015
Dette viser ei undersøking som er gjort av InFact på vegne av Fjord Line.
Nær halvparten av dei spurde seier at dei skal nytte ferje til utlandet. Men heile 65 prosent vestlendingar oppgir at dei skal utenlands på ferje i ferien. Danmark er samstundes det klart mest ettertrakta reisemålet for vestlendingane.
Austlandet utanfor Oslo kjem på andreplass med 48 prosent, medan 43 prosent av sørlendingar oppgir det same, opplyser Fjord Line i ei pressemelding.
Totalt er det 46,9 prosent av alle som skal utanlands på bilferie i sommar som oppgir at dei vel å bruke bilferje på reisa.
Aldersgruppa mellom 45 og 64 år er den mest aktive – her svarer 50 prosent av dei bilferierande at dei reiser med ferje.

Barnefamilier til Danmark

Danmark den mest populære bilferjedestinasjonen. Hit reiser drøye 53 prosent av dei bilferierande. Så følgjer Tyskland med 16 prosent, etterfulgt av Sverige med 11 prosent.
Øvrige reiser på andre ferjer i Europa, eller har enno ikkje bestemt seg.
In Fact har også sett på aldersgrupper. Danmark er den mest populære destinasjonen for aldersgruppa 30-44 år, altså barnefamiliene. Nærare 77 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa reiser til Danmark, mot berre 33 prosent for alle over 65 år.

Unge til Sverige - eldre til Tyskland

Den yngste aldersgruppa mellom 18 og 29 år er derimot dei som er mest glad i ferjene til Sverige.
Dei eldste er på sin side mest glad i å ta bilen til Tyskland. I aldersgruppen over 65 år svarer 25 prosent av bilturistane at dette er sommardestinasjonen 2015.
Fjord Line opplyser at selskapet har ein betydeleg auke i bookingar til og frå Danmark i sommar i forhold til sommaren 2014.

Publisert: 23.06.2015 15:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44