Møte vestre næringsforeningen ålesund foto marius 11
ÅLESUND: Næringsminister Jan Christian Vestre (t.v.) kom til Ålesund tysdag for å møte fleire lokale bedrifter før han skal på ein konferanse på NMK. Pressa var ikkje velkomne til å vere med på møta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil snakke med Vestre utan pressa til stades

Næringslivet bad om lukka dører i møte med næringsministeren i Ålesund.

Marius Rosbach
23.01.2024

Tysdag kom næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til Ålesund – mellom anna for å delta på konferansen Smartere Produksjon 2024.

Besøket starta med eit frukostmøte i regi av Næringsforeningen Ålesundregionen ved eit hotell i Ålesund sentrum. Her møtte Ap-statsråden fleire bedrifter frå regionen for å snakke om rammevilkår, har NETT NO fått opplyst.

I utgangspunktet var pressa invitert til dette møtet, og eit påfølgjande møte med ÅKP på Nørve. Måndag ettermiddag og tysdag morgon kom kontrabeskjed frå departementet, om at pressa likevel ikkje var velkomne.

– Det er eit ønske frå bedriftene som deltek, at det ikkje skal vere eit ope møte, for å ha ein god dialog med statsråden, seier rådgivar Trine Hofseth Helgå i næringsforeininga til NETT NO.

Ved 9.30-tida møter Vestre ÅKP ved Norsk Maritimt Kompetansesenter på Nørve.

Kommunikasjonsansvarleg Elisabeth Solvang ved ÅKP fortel at dei ikkje vil at pressa skal vere til stades, fordi det er eit dialogmøte om «Blått kvantesprang» med materiale som ikkje er «ferdigtygd».

Har opna for å vurdere formuesskatten
Etter det NETT NO kjenner til, skal mellom anna representantar frå aksjonen for norsk eigarskap - som Knut Flakk og Roger Hofseth har starta - vere med på frukostmøte.

Det var difor venta at formuesskatt er mellom sakene på dagsorden. Næringsministeren har nyleg forsvara dei skjerpa eigarskattane som er innført under Støre-regjeringa.

Samtidig fortalde Anniken Huitfeldt, Ap sin nye næringspolitiske talsperson, nyleg at regjeringspartiet er opne for å vurdere grunnlaget for formuesskatten.

– Som del av programprosessen i partiet, er jeg villig til å diskutere om det er mulig å finne løsninger som gjør at det er mulig å dele mellom det som er formue, og det som er penger låst opp i bedriften, sa Huitfeldt til NETT NO.

Fleire grep har skapt frustrasjon
Skatteaukene har skapt stor frustrasjon hos ein mange bedriftsleiarar, som opplever at dei må tappe selskapa for å betale skatterekninga – og at det råkar investeringsevna.

Andre grep i regjeringa sin politikk som har provosert næringslivet på Nordvestlandet, er innføring av ekstra arbeidsgiveravgift for høgtlønna og grunnrenteskatten på oppdrett.

Sistnemnte er peika på som årsak til at det er blitt ordretørke for leverandørindustrien til norsk oppdrett.

Publisert: 23.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 25.01.2024 20:35

Mer om