Vi er berre halvvegs mot maal
OSLO: Kari og Hans Petter Thue framfor Stortinget, der Kari Thue sveltestreikar med krav om å stoppe vindkraftutbygginga på Haramsøya.
Nytt

- Vi er berre halvvegs mot mål

Dei har litt medvind, men Hans Petter og Kari Thue nektar å gi opp før det vert stopp i vindkraftutbygginga på Haramsøya. 

23.06.2020
- Det har den siste tida skjedd mykje gledeleg, men vi er slett ikkje i mål.
- Vi er berre halvvegs mot målet, seier paret utanfor Stortinget i Oslo.

Vil ha full stopp

Der sveltestestreikar Kari Thue i protest mot vindkraftutbygginga på Haramsøya.
Ho er klar for ein langvarig sveltestreik.
- Ja, eg har ikkje tenkt å gi opp før vi er heilt i mål. Og det er å få stoppa anleggsutbygginga på Haramsøya, og få anleggsmaskinene ned frå fjellet.
Under sveltestreiken et ho ikkje fast føde, men drikk vatn, og har i seg litt salt.
- Eg har fasta 40 døgn før, så eg trur dette skal gå bra. Det står i alle fall ikkje på motivasjonen.

Vil ikkje sjå på gjeldande konsesjonar

Sist fredag vart det gjort innstrammingar på vindkraftregelverket, slik at natur- og miljøomsyn skal tilleggjast meir vekt.
Men regjeringa vil ikkje sjå på konsesjonar som alt er gitt, slik som konsesjonen til å setje opp åtte vindturbinar på Haramsøya.
- Vi ser at fleire aktørar er på gli, og forstår galskapen i desse prosjekta.
- Og det er slett ikkje for seint å stoppe utbygginga på Haramsøya. Hittil er det svært lite arbeid som er utført, seier Hans Petter Thue.

Haugianarar

Han sperra fjellvegen på Haramsøya i 14 dagar med sin eigen bil, og hindra dermed anleggsmaskinene å kome opp på fjellet.
Til slutt vart både Thue og bilen fjerna av politiet.
Paret er opphavleg frå Fredriksstad, der dei dreiv med sal av lafta hytter, i tillegg til å drive båtmarina, restaurant og campingplass.
Paret kallar seg sjølv for haugianarar, og står blant anna bak misjonsorganisasjonen Springs of Revival International.
– Vi er glad for innstrammingane, men vi fryktar framleis store naturøydeleggingar. Og det er fordi regjeringa ikkje har vore villig til å sjå på dei konsesjonane som allereie er gitt, seier leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg, til NTB.
Sist onsdag kravde fylkespolitikarane i Møre og Romsdal full stans i utbygginga på Haramsøya.

Støtte frå fylke og kommune

Også Ålesund kommunestyre krev utsett byggjestart på Haramsøya til ny støyrapport er lagt fram for kommunen og aktuelle støymottakarar.
- Veldig gledeleg av fylket og Ålesund kommune, seier Hans Petter Thue.
No krev han at konsesjonen vert trekt tilbake, men klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier til NTB at det skal mykje til før ein konsesjon blir trekt tilbake.
– Noreg er ein rettsstat, og vi driv ikkje forvaltning med tilbakeverkande kraft. Har du fått ein rett, og alle prosessar er følgde, så er det ikkje berre å trekkje tilbake ein konsesjon.
- Investorar har krav på føreseielegheit, seier han.

Krev stopp

Tysdag sende organisasjonen Nei til vindkraftverk på Haramsøya eit brev til olje- og energiminister Tima Bru med krav om at anleggsarbeidet på Haramsøya vert stoppa.
I brevet vert det vist til det interesseorganisasjonen er fleire sakshandsamingsfeil i konsesjonshandsaminga, og at forvaltningslova er broten på fleire punkt.

- Må byggje på lokal aksept

Frp er ikkje fornøgd med at regjeringa ikkje innfrir kravet om meir makt til kommunane i vindkraftsaker.
– For Frp held det ikkje å invitere kommunane på seminar, vi ønskjer lokal medavgjerd ved å gi kommunane reell avgjerdsstyresmakt, siger Frps energipolitikar Terje Halleland til NTB.
Frp ønskjer mellom anna at regelverket blir flytta frå energilova til plan- og bygningslova.
– For Frp har det heile tida vore avgjerande at alle vindkraftprosjekt byggjer på lokal aksept. Vi kan ikkje ha det slik at styresmaktene køyrer over lokalsamfunna i desse spørsmåla, siger Halleland.
Samtidig er han fornøgd med fleire av innstrammingane i stortingsmeldinga om vindkraft som regjeringa la fram fredag.
– Det er bra at også regjeringa no byrjar å ta innover seg at vindkraftregimet må endrast betydeleg for å dempe det høge konfliktnivået vi har sett dei siste åra, siger han.
Eg har ikkje tenkt å gi opp før vi er heilt i mål

Publisert: 23.06.2020 08:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58