Harald
OPTIMIST: Harald M. Andreassen er optimistisk både for økonomien og for at pandemien er over. Det viser at antal sjukehusinnleggingar går ned samstundes som at smitten aukar. Skjermdump: Kjetil Haanes
Nytt

– Vi er eigentleg ferdige med pandemien

Norge kan gå rett frå korona og inn i ein høgkonjunktur, meiner sjeføkonom.

20.01.2022

Harald M. Andreassen er sjeføkonom i Sparebank1 SMN. Under eit webinar onsdag viste han til at det er kraftig vekst i antal smitta, samstundes som at talet på sjukehusinnlagde går ned.

- 2 til 4 prosent av befolkninga som vert testa kvar veke, er smitta. Immuniteten går kraftig opp, og i land der mange er vaksinerte er ein i praksis i ferd med å gå ut av pandemien.

Han reknar med at restriksjonane straks vert oppheva.

- Vi får fleire som vert normalt sjuke, men det er handterbart.

- Dersom vi ikkje får ein ny farleg variant, er vi ute av koronaen.

Norge går i så fall rett frå korona og inn i ein høgkonjunktur.

- Økonomien fyk rett opp, når folk får gjere som ein vil.

- Vi har også stort fall i permitterte, og lønene stig.

Må ha høgare rente
Han viste til at etterspørselen etter varer i rike land er på eit ekstremt høgt nivå.

- Detaljhandelen i rike land ligg langt over det vanlege. Inflasjonen i USA når no ein 40-årstopp.

- Inflasjonen aukar også i Norge, men mest på grunn av straumprisen, sa Andreassen.

I ein slik situasjon meinte han at det var naturleg med fleire rentehevingar.

- Vi kan ikkje både ha rekordøkonomi og for lave renter. Det fungerer dårleg.

Han viste også til at arbeidsløysa stuper og det er mangel på arbeidskraft.

- Det er mange fleire i jobb i Norge i dag enn før pandemien. Vi er tilbake på 2012-nivå.

Få som slit

Andreassen viste til at ein på grunn av dei nye restriksjonane får ein ny liten nedtur for ein del bransjar, som hotell, resaturantar og kultur.

Men han spådde det vart ein kortvarig nedtur.

- Så fort vi får lov til å gjere det vi har lyst til, kjem etterspørselen tilbake.

Samla sett meinte han at den norske økonomien er svært sterk.

- Det er få som slit. Og dei som slit, vil få det betre i løpet av dei neste månadene, nesten garantert.

Han trudde heller ikkje at det var eit svært dyrt lønsoppgjer.

- Eg trur ikkje LO vil stille urimelege krav. Det er heller bedriftene som pressar lønene oppover på grunn av mangel på arbeidskraft.

Dei som slit, vil få det betre i løpet av dei neste månadene, nesten garantert
Harald M. Andreassen

Har vore for rause
Andreassen minte også at mange hadde spart pengar under pandemien.

- Ein treng difor ikkje eit grassat lønsoppgjer for å halde kjøpekrafta oppe.

Han trudde også at straumprisane snart vil normalisere seg, og syntest at styresmaktene hadde tatt vel hardt i ved innføringa av ulike støtteordningar.

- Her har ein gitt pengar til folk som ikkje nødvendigvis treng det.

Publisert: 20.01.2022 14:12

Sist oppdatert: 20.01.2022 14:40

Mer om