Rozan Arrat Ekornes foto Ogne
HAR SNUDD: Ekornes-konsernet er mellom dei som har opplevd stor auke i aktiviteten i år. Etter at det har vore stigande optimisme i næringslivet i haust, førebur no bedriftene seg på svakare vekst. Foto:
Nytt

Norske bedrifter ventar svakare vekst

Etter ein periode med betydeleg auke i aktiviteten er uvissa hos bedriftene uvanleg stor.

07.12.2021

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Bedriftene som er med i Noregs Banks regionale nettverk ventar svakare vekst det neste halvåret. Ein del av dei påpeikar at framtidsutsiktene er uvanleg usikre – spesielt knytte til smitteutvikling, råvaretilgang, fraktutfordringar og produksjonsavgrensingar hos leverandørar, ifølgje sentralbanken.

Intervjua vart gjennomførte den siste veka i oktober og dei to første vekene av november. Mykje tyder på at uvissa og pessimismen er større no – nesten éin månad seinare og etter omikrons innmarsj.

– Sidan då har smittetala auka mykje, og det har komme både nasjonale og regionale smitteverntiltak, skriv sentralbanken ei veke før årets siste rentemøte.

Nye innstrammingar
Då er det signalisert at styringsrenta truleg skal opp eit hakk, men den kraftige smittespreiinga, nye tiltak og frykt for skadeverknadene av omikron har skapt tvil. Fleire økonomar meiner det har vorte meir usikkert om rentekomiteen kjem til å gjere som tidlegare signalisert.

– Spreiinga av omikronviruset, og eventuelle nye og strengare tiltak for å avgrense det, vil vere vel så viktig for Noregs Banks avgjerd i desember. Det tilseier at undersøkinga frå Regionalt nettverk vil vere mindre relevant no enn ho kanskje pleier å vere, skriv Ingvild Borgen i morgonrapporten til DNB Markets tysdag.

Regjeringa har allereie varsla nye innstrammingar i smittevernet og vil tysdag kveld offentleggjere kva for nokre nye tiltak som blir sette i verk.

Betydeleg vekst
Etter gjenopninga av samfunnet i haust, er det tenesteytarane som har hatt den sterkaste veksten, medan salsvolumet i varehandelen har falle og veksten i industrien har minka.

Sysselsetjinga har auka mykje, men bedriftene planlegg litt mindre auke dei neste tre månadene.

Ikkje sidan 2007 har det vore så høg del bedrifter med kapasitetsavgrensingar. Det er òg uvanleg mange som har problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft.

Anslaget for årslønnsveksten i år er justert opp til 3,0 prosent, frå 2,9 prosent i august. Neste år ser bedriftene for seg ein lønnsvekst på 3,3 prosent.

(©NPK)

Publisert: 07.12.2021 13:42

Sist oppdatert: 07.12.2021 13:13

Mer om