Torsdag tok næringsminister Torbjørn Røe Isaksen imot tips frå ei rekke turistkommunar for å finne ut korleis ein kan få bukt med overturismen. Geiranger var mellom reisemåla som var invitert.
– Hovudutfordringa vår er at vi er i ferd med å døy. Ikkje at turistane kjem i flokk og følgje, men at vi ikkje får folk til å bu her 12 månader i året, sa Stranda-ordførar Jan Olav Tryggestad innleiingsvis.
Geiranger kom likevel dårleg ut når det gjeld i kva grad cruiseturistane i bygda opplever overturisme, ifølgje ei fersk undersøking frå Innovasjon Norge.
– Vi tek overturisme og mangel på toalettfasilitetar på alvor, påpeiker ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune til Nynorsk pressekontor.
– Vi har sett ei grense for talet passasjerar som kan vere i land når det er meir enn eit cruiseskip til kai. Det har vi ikkje heimel for i dag. Der skulle vi ønskt oss eit regelverk som var tydelegare, sa Brandshaug under møtet.
Også Stranda har sett avgrensingar på 6000 cruisepassasjerar per dag i høgsesongen. Dette har dei fått til ved eit samarbeid med cruisenæringa.
– Vi ønskjer òg ein modell for besøksbidrag (turistskatt journ.an), men besøksbidraget må komme på toppen av allereie eksisterande intensivordningar, som til dømes spelmidlar, sa Brandshaug.
– Dette møtet blir arrangert for at vi skal kunne snakke saman og utveksle erfaringar, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen då han opna møtet i Nærings- og fiskeridepartementet sine lokale.
I innleiinga si oppfordra Røe Isaksen turistnæringa, reiselivsorganisasjonar og representantar frå turistkommunar til å komme med innspel til korleis ein betre kan leggje til rette på nasjonalt plan.
– Det er fleire utfordringar vi må løyse saman. Mange destinasjonar har framleis rom for å ta imot fleire tilreisande, men fleire stadar har talet på tilreisande no blitt så stort at det er meir snakk om utfordringar enn moglegheiter, sa Isaksen.
– Det eine er at kommunar, reiselivsselskap, fylkeskommunar og andre offentlege instansar må samarbeide godt. Det andre er at det er veldig mykje å lære frå dei forskjellige reisedestinasjonane. Mange har allereie gjort ein god del og fått grei kontroll på dette. Det tredje er at det kan vere ein del heimlar som kommunane burde ha. Då siktar eg for eksempel til moglegheita for å avgrense talet cruisepassasjerar i visse periodar av året, seier Isaksen til Nynorsk pressekontor.
– Standpunktet til regjeringa ligg fast denne regjeringsperioden. Det å byrje med ein ny skatt er ein dårleg ide. Det kan òg vere vanskeleg å ramme inn ein slik turistskatt slik at det endar opp med å bli ein skatt som norske hytteeigarar må betale når dei reiser på besøk til hyttekommunen sin, seier Isaksen.
– Vi treng verktøy for å klare å vareta naturen vår og for å få på plass riktig og god infrastruktur. For å få til det trengst det pengar og eit besøksbidrag er eit godt verkemiddel for å få til det. Statsråden var avvisande til den typen avgift i dag og det er skuffande, seier Bergmål til Nynorsk pressekontor.
– Eg syns det er veldig positivt at statsråden har tatt initiativ til dette møtet og at han tar imot innspel frå nokre av dei viktigaste reiselivsdestinasjonane i landet vårt. Dei har komme med klare innspel til kva dei ønskjer og då er det viktig at statsråden lyttar og tar innspela til følgje. Ein bør ikkje vere fastlåst før ein kjem til møtet, slik det kanskje kan virke som at statsråden var i dag, seier ho.
– Hovudutfordringa vår er at vi er i ferd med å døy. Ikkje at turistane kjem i flokk og følgje, men at vi ikkje får folk til å bu her 12 månader i året, sa Stranda-ordførar Jan Olav Tryggestad innleiingsvis.
Geiranger kom likevel dårleg ut når det gjeld i kva grad cruiseturistane i bygda opplever overturisme, ifølgje ei fersk undersøking frå Innovasjon Norge.
– Vi tek overturisme og mangel på toalettfasilitetar på alvor, påpeiker ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune til Nynorsk pressekontor.
Les også:
Har sett øvre grense for besøk
Også reiselivsselskapet Visit Sognefjord, som er eigd av fleire kommunar i Sogn, heldt innlegg under møtet i Næringsdepartementet. Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord peika på ønskje om heimel til å regulere cruisetrafikken.– Vi har sett ei grense for talet passasjerar som kan vere i land når det er meir enn eit cruiseskip til kai. Det har vi ikkje heimel for i dag. Der skulle vi ønskt oss eit regelverk som var tydelegare, sa Brandshaug under møtet.
Også Stranda har sett avgrensingar på 6000 cruisepassasjerar per dag i høgsesongen. Dette har dei fått til ved eit samarbeid med cruisenæringa.
– Vi ønskjer òg ein modell for besøksbidrag (turistskatt journ.an), men besøksbidraget må komme på toppen av allereie eksisterande intensivordningar, som til dømes spelmidlar, sa Brandshaug.
– Rom for å ta imot fleire
Næringsministeren meiner talet på turistar visse stadar i Noreg har blitt så stort at det blir meir snakk om utfordringar enn moglegheiter.– Dette møtet blir arrangert for at vi skal kunne snakke saman og utveksle erfaringar, sa næringsminister Torbjørn Røe Isaksen då han opna møtet i Nærings- og fiskeridepartementet sine lokale.
I innleiinga si oppfordra Røe Isaksen turistnæringa, reiselivsorganisasjonar og representantar frå turistkommunar til å komme med innspel til korleis ein betre kan leggje til rette på nasjonalt plan.
– Det er fleire utfordringar vi må løyse saman. Mange destinasjonar har framleis rom for å ta imot fleire tilreisande, men fleire stadar har talet på tilreisande no blitt så stort at det er meir snakk om utfordringar enn moglegheiter, sa Isaksen.
Les også:
Viktig med samarbeid
Røe Isaksen peikar på fleire viktige signal han tar med seg vidare etter innspelsmøtet.– Det eine er at kommunar, reiselivsselskap, fylkeskommunar og andre offentlege instansar må samarbeide godt. Det andre er at det er veldig mykje å lære frå dei forskjellige reisedestinasjonane. Mange har allereie gjort ein god del og fått grei kontroll på dette. Det tredje er at det kan vere ein del heimlar som kommunane burde ha. Då siktar eg for eksempel til moglegheita for å avgrense talet cruisepassasjerar i visse periodar av året, seier Isaksen til Nynorsk pressekontor.
Statsråden vil ikkje ha turistskatt
Fleire av innleiarane under møtet peika på turistskatt som eit godt verkemiddel for å få betre kontroll over masseturismen i visse periodar av året. Regjeringa ønskjer ikkje den typen skattlegging.– Standpunktet til regjeringa ligg fast denne regjeringsperioden. Det å byrje med ein ny skatt er ein dårleg ide. Det kan òg vere vanskeleg å ramme inn ein slik turistskatt slik at det endar opp med å bli ein skatt som norske hytteeigarar må betale når dei reiser på besøk til hyttekommunen sin, seier Isaksen.
Virke vil ha besøksbidrag
Leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv peika under møtet på at ei form for turistskatt, eit besøksbidrag, er eit godt verktøy for å skape berekraft i turistnæringa.– Vi treng verktøy for å klare å vareta naturen vår og for å få på plass riktig og god infrastruktur. For å få til det trengst det pengar og eit besøksbidrag er eit godt verkemiddel for å få til det. Statsråden var avvisande til den typen avgift i dag og det er skuffande, seier Bergmål til Nynorsk pressekontor.
– Eg syns det er veldig positivt at statsråden har tatt initiativ til dette møtet og at han tar imot innspel frå nokre av dei viktigaste reiselivsdestinasjonane i landet vårt. Dei har komme med klare innspel til kva dei ønskjer og då er det viktig at statsråden lyttar og tar innspela til følgje. Ein bør ikkje vere fastlåst før ein kjem til møtet, slik det kanskje kan virke som at statsråden var i dag, seier ho.
Les også:
Det å byrje med ein ny skatt er ein dårleg ide. Det kan òg vere vanskeleg å ramme inn ein slik turistskatt slik at det endar opp med å bli ein skatt som norske hytteeigarar må betale når dei reiser på besøk til hyttekommunen sin
Publisert: 16.01.2020 16:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50






