Erna solberg foto ntb
TEK SELVKRITIKK: Statsminister Erna Solberg (H) meiner regjeringa burde tenkt annleis rundt nedstenging. Foto: Javad Parsa / NTB
Nytt

– Vi hadde nok ei blindsone

Erna Solberg om pandemiberedskapen

09.08.2021

(NPK-NTB-Marie De Rosa): Statsminister Erna Solberg (H) erkjenner at regjeringa ikkje var godt nok førebudde på koronapandemien og burde tenkt annleis om nedstenging.

Betre beredskap var eitt av Solbergs tydelegaste løfte før stortingsvala i 2013 og 2017. I vår konkluderte koronakommisjonen med at styresmaktene ikkje var førebudde då koronapandemien kom.

Solberg står likevel fast ved at den generelle beredskapen har vorte betre under regjeringstida hennar.

– Det betyr ikkje at beredskapen er god nok eller at vi har planar for alt, seier Solberg.

«Alvorleg svikt»
Ein alvorleg svikt, konkluderte koronakommisjonen om korleis regjeringa hadde førebudd seg på ein mogleg pandemi.

– Regjeringa visste at ein pandemi var den nasjonale krisa som var mest sannsynleg, og som ville ha dei mest negative konsekvensane. Dette har vore framheva lenge og fleire gonger i inn- og utland, sa leiaren av koronakommisjonen Stener Kvinnsland då rapporten vart lagt fram.

Han viste til at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) varsla om det berre få månader før pandemien slo inn.

– Burde tenkt annleis
Solberg svarte den gongen med at Noreg var førebudde på ein influensapandemi, men ikkje på virus med andre eigenskapar. Den same bodskapen gjentek ho no.

– Så var vi ikkje førebudd på å bruke dei verkemidla vi brukte, med nedstenging, for det var det ikkje planlagt for, seier Solberg.

Koronakommisjonen har vurdert at det var riktig å stengje ned landet 12. mars i fjor, men meiner tidspresset vart større enn nødvendig og at styresmaktene hadde lite kunnskap om effekten av dei inngripande tiltaka.

Blindsone
Solberg viser til at nedstenging verken var anbefalt av Verdshelseorganisasjonen (WHO) eller EUs smittevernbyrå (ECDC) og brukar ordet «etterpåklokskap», men kjem like fullt med ei erkjenning:

– Det vart eit effektivt verkemiddel. Vi burde kanskje tenkt gjennom og vurdert, alle saman, at vi burde tenkt annleis på dette, seier Solberg og held fram:

– Vi hadde nok ei blindsone på at den pandemien alle planla for, var den alle meinte var mest sannsynleg, nemleg ein sterk influensapandemi som ville vare mellom seks veker og eit halvt år.

(©NPK)

Publisert: 09.08.2021 08:41

Sist oppdatert: 09.08.2021 08:47

Mer om