Nytt
- Vi må heie fram dei lokale bedriftseigarane
NHO-leiaren etterlyser meir engasjement for dei privateigde norske bedriftene, og avviser myten om at NHO mest er for menn i mørk dress.
06.11.2019
- Det er dei private bedriftene som gjer at det bur folk rundt om i dette landet.
- Vi må verte mykje flinkare til å heie fram dei lokale bedriftseigarane.
Det seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.
Han kjem sjølv frå vesle Malm i Nord-Trøndelag, og opplevde konsekvensane av at hjørnesteinsbedrifta der vart lagt ned i 1997.
- Først vart ungdomsklubben nedlagt, så starta fotballaget å tape kampar. Det vart pessimisme og fråflytting.
- For å løyse dei utfordringane vi står framfor er viktig at det bur folk rundt om i heile landet, og då må det også leggjast til rette for at bedrifter både kan startast og leve vidare.
NHO-direktøren opplever at mange som bur på små plassar i større grad forstår betydninga av private bedrifter enn kva tilfellet er i Oslo.
- Eg er bekymra for at så mange beslutningstakarar, både politikarar, organisasjonsfolk og andre, ikkje heilt forstår samanhengen mellom at vi har oppegåande bedrifter spreidde utover heile landet, og at nasjonen Norge skal ha vekst og utvikling.
- Vi må ha fleire som står opp for lokalt eigarskap.
Han hadde då jobba i NHO sidan 2013, først som direktør med ansvar for kommunikasjon og regionar, og frå 2015 som viseadministrerande direktør med ansvar for næringspolitikken.
Før det hadde Almlid brei medieerfaring, blant anna som nyheitsredaktør i Aftenposten og sjefsredaktør i Østlendingen og Hamar Dagblad.
50-åringen stortrivst som NHO-direktør.
- Den kjekkaste jobben eg har hatt, men eg har aldri sett på meg sjølv som nokon kandidat til å vere NHO-direktør. No er eg her, og gler meg over å ha fått denne sjansen.
Almlid ønskjer å byggje ned inntrykket av NHO som ein organisasjon for konservative menn med dress.
- Nei, ein må hugse på at av våre nær 28.000 medlemsbedrifter har 96 prosent under 100 tilsette.
- Her er det alle slags menneske samla, med den fellesnemnaren at dei brenn for bedriftene sine.
- Her ein dag hadde eg ein telefonsamtale på ein time og 18 minutt med Tore Ulstein. Det var svært nyttig.
Ofte dreier telefonsamtalane frå sunnmørske bedriftsleiarar om formuesskatten.
- Mange opplever denne skatten som svært urettferdig, og då tenkjer dei på bedriftene, ikkje på seg sjølve.
- Det er på høg tid at regjeringa no leverer på sine lovnader om å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.
Men det er ikkje berre formuesskatten som opptar bedriftsleiarane i nordvest.
- Her er dei svært opptatt av gode og stabile rammevilkår. Får dei det, skal dei klare seg sjølve, er haldninga.
- Andre stader vil ein gjerne ha hjelp i form av støtteordningar. Det opplever eg lite av på Nordvestlandet. Dei spør ikkje etter hjelp, så lenge dei får rammevilkår som ikkje endrar seg for mykje og er vanskelege å forhalde seg til.
- Vi må verne om EØS-avtalen. Ikkje minst er næringslivet i Møre og Romsdal og på Vestlandet heilt avhengige av at det ikkje kjem fleire handelshindringar.
Han viser til at det er 45.000 tilsette i eksportretta industri i Møre og Romsdal, og der 65 prosent av eksporten går til EU.
- Møre og Romsdal skil seg ut som det mest eksportretta fylket, om vi ser vekk frå olje og gass.
- For dette fylket er det heilt avgjerande at varer og tenester kan flyte mest muleg fritt, og at det ikkje minst er fri marknadstilgang til EU.
- Her er det høge toppar og djupe dalar, men der ein har vist ein imponerande evne til å omstille seg og aldri gi opp om det ser mørkt ut.
Han rosar samarbeidet med NTNU og Campus-miljøet i Ålesund, og han følgde godt med då Rolls-Royce Commercial Marine var til sals.
- Vi blandar oss normalt ikkje inn i kven som eig bedriftene, men du kan skrive at eg var godt nøgd med resultatet, seier Almlid.
Han er opptatt av å få flest muleg i arbeid, og synst det er ufatteleg trist med å sjå ungdom som fell utanom.
- Ja, vi har funne tonen. At LO og NHO snakkar godt saman er viktig for å finne gode løysingar både for arbeidstakarar og arbeidsgivarar.
- Men min viktigaste oppgåve som NHO-sjef vil uansett vere å skape forståing for korleis og kvifor bedriftene våre er løysinga for dei viktigaste samfunnsutfordringane vi står overfor.
- Bedriftene er ikkje berre arbeidsplassar, men breie samfunnsaktørar. Det må vi aldri gløyme.
- Vi må verte mykje flinkare til å heie fram dei lokale bedriftseigarane.
Det seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.
Han kjem sjølv frå vesle Malm i Nord-Trøndelag, og opplevde konsekvensane av at hjørnesteinsbedrifta der vart lagt ned i 1997.
- Først vart ungdomsklubben nedlagt, så starta fotballaget å tape kampar. Det vart pessimisme og fråflytting.
Størst forståing i distrikta
I Malm var det eit gruveselskap som stod for det meste av private arbeidsplassar. Han meiner det er viktig å ha eit mangfald av bedrifter, og å heie desse fram.- For å løyse dei utfordringane vi står framfor er viktig at det bur folk rundt om i heile landet, og då må det også leggjast til rette for at bedrifter både kan startast og leve vidare.
NHO-direktøren opplever at mange som bur på små plassar i større grad forstår betydninga av private bedrifter enn kva tilfellet er i Oslo.
- Eg er bekymra for at så mange beslutningstakarar, både politikarar, organisasjonsfolk og andre, ikkje heilt forstår samanhengen mellom at vi har oppegåande bedrifter spreidde utover heile landet, og at nasjonen Norge skal ha vekst og utvikling.
- Vi må ha fleire som står opp for lokalt eigarskap.
Ikkje berre menn i mørke dressar
Almlid har vore NHO-direktør sidan desember 2018 då han overtok etter Kristin Skogen Lund.Han hadde då jobba i NHO sidan 2013, først som direktør med ansvar for kommunikasjon og regionar, og frå 2015 som viseadministrerande direktør med ansvar for næringspolitikken.
Før det hadde Almlid brei medieerfaring, blant anna som nyheitsredaktør i Aftenposten og sjefsredaktør i Østlendingen og Hamar Dagblad.
50-åringen stortrivst som NHO-direktør.
- Den kjekkaste jobben eg har hatt, men eg har aldri sett på meg sjølv som nokon kandidat til å vere NHO-direktør. No er eg her, og gler meg over å ha fått denne sjansen.
Almlid ønskjer å byggje ned inntrykket av NHO som ein organisasjon for konservative menn med dress.
- Nei, ein må hugse på at av våre nær 28.000 medlemsbedrifter har 96 prosent under 100 tilsette.
- Her er det alle slags menneske samla, med den fellesnemnaren at dei brenn for bedriftene sine.
Lange telefonsamtalar
Han seier at medlemane på Sunnmøre og på Nordvestlandet er av dei mest aktive.- Her ein dag hadde eg ein telefonsamtale på ein time og 18 minutt med Tore Ulstein. Det var svært nyttig.
Ofte dreier telefonsamtalane frå sunnmørske bedriftsleiarar om formuesskatten.
- Mange opplever denne skatten som svært urettferdig, og då tenkjer dei på bedriftene, ikkje på seg sjølve.
- Det er på høg tid at regjeringa no leverer på sine lovnader om å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.
Men det er ikkje berre formuesskatten som opptar bedriftsleiarane i nordvest.
- Her er dei svært opptatt av gode og stabile rammevilkår. Får dei det, skal dei klare seg sjølve, er haldninga.
- Andre stader vil ein gjerne ha hjelp i form av støtteordningar. Det opplever eg lite av på Nordvestlandet. Dei spør ikkje etter hjelp, så lenge dei får rammevilkår som ikkje endrar seg for mykje og er vanskelege å forhalde seg til.
Farlege handelshindringar
Det tidlegare Senterungdom-medlemen røysta nei til EU i 1994, men Almlid seier at han har lært litt med åra. Som NHO-direktør er han opptatt av å hindre at det kjem fleire handelsbarrierer.- Vi må verne om EØS-avtalen. Ikkje minst er næringslivet i Møre og Romsdal og på Vestlandet heilt avhengige av at det ikkje kjem fleire handelshindringar.
Han viser til at det er 45.000 tilsette i eksportretta industri i Møre og Romsdal, og der 65 prosent av eksporten går til EU.
- Møre og Romsdal skil seg ut som det mest eksportretta fylket, om vi ser vekk frå olje og gass.
- For dette fylket er det heilt avgjerande at varer og tenester kan flyte mest muleg fritt, og at det ikkje minst er fri marknadstilgang til EU.
Imponert over omstillingsevna
Almlid rosar ståpåviljen blant bedriftsleiarane på Norvestlandet.- Her er det høge toppar og djupe dalar, men der ein har vist ein imponerande evne til å omstille seg og aldri gi opp om det ser mørkt ut.
Han rosar samarbeidet med NTNU og Campus-miljøet i Ålesund, og han følgde godt med då Rolls-Royce Commercial Marine var til sals.
- Vi blandar oss normalt ikkje inn i kven som eig bedriftene, men du kan skrive at eg var godt nøgd med resultatet, seier Almlid.
Han er opptatt av å få flest muleg i arbeid, og synst det er ufatteleg trist med å sjå ungdom som fell utanom.
God tone med LO-sjefen
Almlid har også fått eit svært nært forhold til LO-sjef Hans Christian Gabrielsen.- Ja, vi har funne tonen. At LO og NHO snakkar godt saman er viktig for å finne gode løysingar både for arbeidstakarar og arbeidsgivarar.
- Men min viktigaste oppgåve som NHO-sjef vil uansett vere å skape forståing for korleis og kvifor bedriftene våre er løysinga for dei viktigaste samfunnsutfordringane vi står overfor.
- Bedriftene er ikkje berre arbeidsplassar, men breie samfunnsaktørar. Det må vi aldri gløyme.
Bedriftene er ikkje berre arbeidsplassar, men breie samfunnsaktørar. Det må vi aldri gløyme
Publisert: 06.11.2019 17:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43