Gulating Kleven Bjorn Age Hamre Morten Valen Eide foto Karoline
BERGEN: Bustyrar Bjørn Åge Hamre (midten) i Gulating lagmannsrett tidlegare i veka. Ankesaka om søksmålet held fram til slutten av månaden. Foto: Karoline Prytz Berset
Nytt

– Vi tek ikkje ut søksmål i tide og utide

Bustyrar blei utfordra om grunnlaget for kjempesøksmålet mot den tidlegare Kleven-eigaren.

Marius Rosbach
16.01.2025

Torsdag var det klart for dei første partsforklaringane i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet i Gulating lagmannsrett. 

Bustyrar Bjørn Åge Hamre blei utfordra undervegs av dei saksøkte sine advokatar om kva vurderingar dei gjorde før dei bestemte seg for å gå til søksmål mot den kroatiske forretningsmannen Tomislav Debeljak og forsikringsselskapet Tryg.

– Vi tek ikkje mot søksmål i tide og utide. Vi gjer våre vurderingar samtidig som ting utviklar seg undervegs. Og vi er ikkje blitt svekka i våre vurderingar i dag, sa Hamre. 

Bustyraren viste til kreditorane sine tap, samtidig som dei vurderte Deblejak å vere ein solid aktør.

– Ja, det er eit voldsomt krav, men det er også ein person som etter vår oppfatning vil kunne handtere det, la Hamre til. 

Opphavleg var kravet mot kroaten på 193 millionar kroner, men er seinare justert ned til drygt 135 millionar. 

Kleven soksmal Gulating lagmannsrett Tomislav Debeljak Karl Rosen foto Karoline
SAKSØKT: Tomislav Debeljak (t.h.) var i godt humør då saka starta, trass dei alvorlege skuldingane mot han. Til venstre: Advokat Karl Rosén. Foto: Karoline Prytz Berset

«Mest ekstreme tilfelle av mismanagement»
Den erfarne bustyraren meinte Debeljak og Div Group sin oppførsel var «det mest ekstreme tilfelle av mismanagement» han hadde vore borti i ein konkurssak. 

– Vi kjenner ikkje motivet til Debeljak for taktikken han køyrte mot bankane, påpeika han.

Hamre antek likevel at det var eit forsøk på å reforhandle posisjonen til Div Group for å senke risikoen deira – og at det i tilfelle var klart illojalt mot Kleven Verft, konkluderte bustyraren. 

Påstanden frå bustyret er at Debeljak handla aktlaust i leiinga av dei norske verftselskapa - og at dette var den direkte årsaka til at bankane sa opp avtalane sine

Hadde konkursbeskyttelse i heimlandet
Dei saksøkte sine advokatar har tidlegare argumentert for at konkursbuet må bevise at Debeljak har handla illojalt for at det skal utløyse erstatningsansvar.

Samtidig har Debeljak sine advokatar understreka at synet på kva som er god selskapsstyring kan vere annleis i eit frittståande selskap med delt eigarskap, enn i eit dotterselskap i eit konsern – slik Kleven-verftet blei under Div Group. 

Det høyrer med til historia at verftsdelen av Div Group-konsernet var teke under konkursbeskyttelse i heimlandet. Dette var konkursbuet informert om, forklara Hamre i retten torsdag. 

Det er tidlegare opplyst at årsaka var at ein bankforbindelse er på Vesten si sanksjonsliste som følgje av Russland sin invasjon av Ukraina.

«Opplagt ikkje grunnlag» for søksmål mot bankane
Tingretten frifann den kroatiske forretningsmannen og ga i sin dom bankane hovudskulda for at dei tre verftselskapa gjekk konkurs. 

Under si forklaring torsdag blei bustyrar Hamre utfordra på om buet i staden vurderte å gå til søksmål mot bankane for ulovleg oppseiinga av låna – som var den direkte årsaka til konkursane. 

– Ja, men det var opplagt ikkje grunnlag for det. Vi meinte det var innafor at bankane kunne seie opp sine avtaler, svarte Hamre.

Alt om Kleven-søksmålet - få oversikt her

NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.

Publisert: 16.01.2025 12:29

Sist oppdatert: 16.01.2025 20:40

Mer om