Jan Vablum hordaland tingrett Marius Rosbach
BERGEN: Advokat Jan Vablum er prosessfullmektig og fører saka for konkursbuet etter Kleven Verft i Hordaland tingrett i Bergen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kleven-søksmålet: – Kvifor blei det ikkje gjort noko?

Meiner tidlegare verftseigar var påverka av dobbeltrolle som Div Group-eigar.

Marius Rosbach
08.11.2023

Onsdag la saksøkjarane fram si side av i rettssaka mot den tidlegare eigaren av Kleven Verft, Tomislav Debeljak.

Den kroatiske forretningsmannen er saksøkt av konkursbuet for tapa etter verftskonkursane i juni 2020.

Debeljak som også eig Div Group i Kroatia, hadde vore Kleven-eigar i berre tre månader før verftet enda i skifteretten. Han har ikkje ønska å uttale seg til pressa før saka er over, men har tidlegare avvist skuldingane.

I løpet av dagen teikna advokat Jan Vablum eit bilde av ein eigar som på ein rekke punkt handla stikk i strid med verftet sine interesser.

Onsdag kom det også fram at verftseigaren skal ha forsøkt å true økonomiansvarleg ved verftet til å overføre drygt 61 millionar kroner frå verftet til ein konto i Kroatia, etter at bankane sa opp sine låneavtaler.

Satt med «alle hattar på»
Verftseigaren skal frå starten av innført ei sokalla «eineherredømme» der han tok alle avgjerder utan å involvere styret.

Div Group skal heller ikkje ha følgt opp lovnaden om å tilføre Kleven arbeidskapital etter at denne vart etterlyst fleire gonger.

– Kvifor blir det ikkje gjort noko for å rette opp, spurte Vablum i tingretten i Bergen og påpeika at Debeljak satt med «alle hattar på».

Han viste til at buet ikkje har funne spor, verken av at Kleven varsla om pengane Div Group skulda - eller at det kroatiske selskapet gjorde noko for å oppfylle forpliktingane sine.

Konklusjonen til konkursbuet - som har anlagt sak mot kroaten - er at Debeljak tok i vare sine eigne og Div Group sine interesser.

Stoppa utbetalingar til leverandørar
Eit påbegynt skip har heile tida vore sentralt i saka. Det var Kleven sitt einaste sikre oppdrag med utsikter til å tene pengar. Samtidig utgjer tapet på prosjektet, grunnlaget for søksmålet mot verftseigaren og forsikringsselskapet.

Buet fortalde onsdag korleis utbetalingar til leverandørar skal ha blitt stoppa etter at Debeljak overtok styringa på verftet.

Etterpå blei desse forsøkt pressa til å inngå nye avtaler til lågare pris. Årsaka skal ha vore at eigaren var misnøgd med avtalane, og meinte kostnadene var for høge.

– Debeljak viste ingen respekt for inngåtte avtaler med leverandørar og det var ein uforsvarleg oppførsel frå styreleiaren, sa Vablum i retten.

Hadde pengar på konto
Konsekvensen blei at HG Teknikk gradvis la ned arbeidet ved verftet. Hareid Group-selskapet hadde oppdraget med å installere alt av elektro om bord på skipet – eit betydeleg oppdrag anslått til kring 17 millionar kroner.

Saksøkjarane sin advokat påpeika i retten at Kleven samtidig hadde midlar til å betale – og at oppdaterte prosjektkalkyler viste at verftet låg an til å tene nær 180 millionar kroner på byggeprosjektet.

– Det var ikkje manglande evne som var årsaka, men ein instruks frå styreleiar, sa Vablum til tingretten.

Klart for saksøkte sin argumentasjon
Buet har i retten gjort greie for korleis Debeljak tok ein rekke avgjerder som var i strid med Kleven-verftet sine interesser.

På direkte spørsmål frå saksøkte sine advokatar, svara saksøkjarane at dei likevel ikkje hadde dokumentasjon som viste at kroaten bevisst køyrde verftet konkurs.

Torsdag får retten høyre innleiingsføredraga frå Debeljak sin advokat og forsikringsselskapet Tryg, som hadde styreforsikring for kroaten.

Publisert: 08.11.2023 21:54

Sist oppdatert: 08.11.2023 22:14

Mer om