Vik O Ersta auka omsetninga
KONTRAKT: Ein av kontraktene i fjor var med Statens Vegvesen og galdt nyutvikla rekkverk på sykkelstamvegen Sandnes - Stavanger. Frå venstre Rune Holstad, Dag Rune Kalvatn og Oddvar Myklebust frå Vik Ørsta, og vidare Kari Smådal Turøy, Karen H. Zeiner, Torleif Lindefjeld og Thor-Erik Varsi frå Statens Vegvesen.
Nytt

Vik Ørsta auka omsetninga

Høg omsetning, men eigarane er ikkje heilt nøgd med innteninga.

22.07.2019
Vik Ørsta hadde i 2018 sitt neste beste år omsetningsmessig.
Totalt omsette selskapet for 653,6 millionar kroner, 23,2 millionar kroner meir enn året før.
Men i årsrapporten skriv styret at selskapet har hatt ei litt svakare utvikling enn føresett.

Svekka resultat

Og det er marginane eigarane i Saferoad er misnøgd med.
Resultatet før skatt enda i fjor på 23,5 millionar kroner, ned frå 33,0 millionar året før.
Vik Ørsta har produksjonsanlegg i Vik i Sogn og i Ørsta.

Veganlegg

Selskapet utviklar, produserer og sel stålprodukt til bruk ved veganlegg.
Blant anna vert det laga trafikktryggleiksutstyr som autovernskinner, midtdelarar, lysmaster og fjellsikringsutstyr.
I tillegg produserer selskapet varer i stål til søsterselskap i Saferoad-konsetnet.
Vik Ørsta hadde ein samla eigenkapital på 161,5 millionar kroner ved årsskiftet. Den langsiktige gjelda var på 10,1 millionar.
Selskapet hadde i fjor 268 tilsette.
Styret forventar at omsetninga i år vert på nivå med fjoråret.

Publisert: 22.07.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37