NTB 6rd My Gbv3o8
VERDSARV: Eit cruiseskip i Geirangerfjorden i Møre og Romsdal. Foto: Halvard Alvik NTB / NPK
Nytt

Reknar med strid om turistskatt

Frp er skeptisk og meiner Noreg alt er dyrt nok.

03.04.2023

(NPK-NTB-Preben Brækstad) Natur er eit av dei største trekkplastera for Noreg som reisemål. Tidlegare Venstre-leiar Trine Skei Grande vil at turistane skal betale for å ta vare på han.

Landet vårt har mange reisemål som er unike i verdssamanheng. Nordlys og midnattssol kan gi sjølv dei mest reiseglade ei ekstasekjensle. Men turistane må vere med på å ta rekninga for å bevare norsk natur og kultur, meiner Grande. Ho har leidd arbeidet med ei offentleg utgreiing om norske reisemål for ei berekraftig framtid.

– Vi foreslår mellom anna turistane som kjem inn i landet, betaler ein liten sum i fellesgodefinansiering. Dette kan vere ein liten sum som blir betalt ved grensepassering, anten ein kjem via bil, fly eller til havs, seier Grande til NTB.

Utvalet peikar på at reiselivet er viktig for å utvikle gode samfunn å bu i. Det bidreg til eit mangfald av tilbod, som til saman gjer lokalsamfunn over heile landet meir attraktive, både for fastbuande og besøkjande. Likevel påpeikar utvalet at med auka førekomst av turistar til landet, fører det med seg fleire utfordringar med omsyn til å sikre ei berekraftig reisemålsutvikling. Derfor foreslår dei ei slik fellesgodefinansiering, eller rettare sagt turistskatt på folkemunne, for turistar som vil feriere i Noreg.

Tilrår turistskatt
– Vi meiner at dei som besøkjer Noreg, skal vere med på å ta vare på natur- og kulturgoda som dei har glede av. Utvalet tilrår at det blir eit nasjonalt besøksbidrag innført som skal forvaltast regionalt og lokalt. Det er viktig at ei ordning med besøksbidrag sikrar fellesgodefinansiering over heile landet, og ikkje berre i pressområda, seier Grande til NTB.

Som følgje av at fleire vel å feriere i Noreg, får stadig fleire norske kommunar utfordringar med å sikre ei miljøvennleg reisemålsutvikling, meiner utvalet. Det vil regjeringa no gjere noko med.

– Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for eit meir berekraftig og lønnsamt reiseliv. Næringa treng gode og stabile rammer for å skape heilårlege arbeidsplassar over heile landet, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Mange tilreisande kan gi meir forureining og søppel, skade naturen og skape kø og trengsel, viser utgreiinga. Det kan igjen føre til at dei besøkjande får ei dårlegare oppleving, og det kan gå ut over trivselen til dei fastbuande, slår rapporten fast.

– Det er viktig at kommunane tek eit større ansvar for ei berekraftig utvikling av reisemåla sine. Besøksstrategiar må forankrast i planverka til kommunane og utviklast i dialog med styresmakter, næringa og lokalsamfunnet, seier Skei Grande.

Kan bli interessekonfliktar
Den auka tilstrøyminga av turistar kan føre til interessekonfliktar mellom næringsinteresser og lokalbefolkning, kjem det fram av utgreiinga som vart overlevert til næringsministeren.

– Utvalet har gjort ein brei og fagleg gjennomgang av utfordringane som norske reisemål står overfor. Rapporten vil bidra til utforminga av handlingsplanen til regjeringa for reiselivet og gi eit viktig grunnlag for reisemålsutviklinga i norske kommunar, seier næringsminister Vestre.

NOU-en er laga på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet og blir no sendt på høyring. Fristen for å sende innspel er 30. juni.

– Utgiftene må finansierast på eit vis
Utvalsleiar Skei Grande fryktar ikkje at turistane sluttar å feriere i Noreg.

– Noreg har eit rikt reiseliv, med den spektakulære naturen sin og spennande byar. Derfor vil ein liten sum ved grensepassering utgjere mykje, i eit berekraftsperspektiv.

– Kvifor skal turistane ta rekninga?

– Fordi turistane er med på å bruke vegane, forureine og forsøple – for å nemne noko. Dette må finansierast på eit vis, og derfor har vi henta inspirasjon frå mange andre europeiske land, som har ei liknande ordning. Utvalet trur at ei fellesgodefinansiering vil vere den beste løysinga for å sørgje for eit meir berekraftig reiseliv i Noreg.

Frp kritisk til turistskatt
Framstegspartiets stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad er kritisk til forslaget om ny turistskatt.

– Dette forslaget vil gjere det mindre attraktivt å komme til Noreg som turist. Noreg er allereie svært dyrt og har frå før høgare skattar og avgifter enn samanliknbare land, seier Bjørnstad til NTB.

Han understrekar at turistar inn til Noreg er viktig, og at dette skaper arbeidsplassar i distriktet.

– Likevel vil eit slikt grep vil sannsynlegvis føre til at færre turistar kjem, ikkje fleire, seier Bjørnstad.

Svanemerket og NHO Reiseliv er positive til forslaga, men NHO vil vente på ei konkret løysing.

Publisert: 03.04.2023 07:28

Sist oppdatert: 03.04.2023 09:22

Mer om