Geiranger med cruiseskipsmog foto Miguel Angel Barroso Lorenzo Wikimedia Commons 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GEIRANGER: Regjeringa vurderer innføring av turistskatt, eller besøksbidrag, til Geiranger og verdsarvfjordane. Foto: Miguel Angel Barroso Lorenzo/Wikimedia Commons
Nytt

Ser på innføring av turistskatt

Geiranger kan verte pilotprosjekt.

25.01.2023

NPK-NTB/NETT NO: Regjeringa arbeider no med fem tiltak dei meiner vil bidra til å skape ei konkurransedyktig, heilårleg reiselivsnæring som er meir berekraftig og lønnsam enn før, og som skapar aktivitet i heile landet.

– Reiselivet har vore gjennom tøffe år med pandemi. No er det viktig at næringa har rammevilkår som legg til rette for investeringar og vekst. Regjeringa har store ambisjonar for reiselivet. Det er Noregs femte største eksportnæring, og gir arbeid til over 180.000 personar, seier næringsminister Jan Christian Vestre i ei pressemelding.

Dette er tiltaka:

* Handlingsplan
Regjeringa vil lansere ein handlingsplan for reiselivet før sommaren 2023. Handlingsplanen vil rette søkjelyset mot berekraftig utvikling, heilårlege arbeidsplassar, kompetanse, marknadsføring, destinasjonsutvikling og verdiskaping i heile landet. Handlingsplanen skal også leggje føringar for prioriteringane til regjeringa, og konkretisere arbeidet med reiselivspunkta i Hurdalsplattforma.

* Besøksbidrag
Regjeringa vil gi kommunar høve til å innføre besøksbidrag. Departementet har fått forslag til pilotprosjekt frå Nordkapp, Beitostølen, Verdensarvfjordane og Lofoten. Desse er no til vurdering i departementet. Modellane utfordrar lovverket ein har i dag, og dei juridiske vurderingane må gjerast grundig for å komme fram til gode løysingar.

* Godkjenningsordning for guidar
Regjeringa har sett i gang arbeidet med å utvikle ei nasjonal godkjenningsordning for lokal- og regionsguidar, turleiarar og fjellførarar i samarbeid med friluftsorganisasjonane.

* Reiseliv 2030
Regjeringa set no i gang Reiseliv 2030 (omtalt som Reis21 i Hurdalsplattforma). Prosjektet skal bidra til kunnskapsbasert utvikling av heile reiselivsnæringa. Prosjektet skal gi forslag til kva forskings- og innovasjonsaktivitetar som bør prioriterast for at reiselivsnæringa skal bli meir heilårleg, gi auka verdiskaping og bidra inn i den grøne omstillinga.

* Oppfølging av Reisemålsutvalet
Reisemålsutvalet er i sluttfasen av arbeidet sitt, og skal levere ein rapport før påske. Rapporten vil gi eit solid grunnlag for innretninga av satsingar på reisemålsutvikling i norske kommunar.

Publisert: 25.01.2023 11:53

Sist oppdatert: 25.01.2023 12:32

Mer om