Vil finne ut korleis torsken reagerer paa lakseoppdrett
Nytt

Vil finne ut korleis torsken reagerer på lakseoppdrett

Forskingsrådet løyver 24 millionar kroner til kartleggja korleis lakseoppdrett påverkar torsken langs Norskekysten.

19.12.2018
NPK: Prosjektet har fått namnet «Effekter av lakseoppdrett på atlantisk torsk», opplyser Forskingsrådet i ei pressemelding.
– Me skal sjå på korleis lakseoppdrett påverkar ville torskestammar, og kor store effektane er på torsken i nordnorske fjordar, seier havforskar Pål Arne Bjørn ved Havforskingsinstituttet.
Bjørn leier prosjektet som blant anna skal undersøkja om lakseoppdrett fører til endring i vandringsmønsteret til torsken, påverkar rekruttering av kysttorsk eller påverkar kva torsken et.

Internasjonal forsking

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) peikar på at auka kunnskap om dei økologiske effektane av lakseoppdrett vil vera viktig for framtidig forvalting av kystområda, inkludert eventuelt grønt lys for vekst i havbruksnæringa.
Forskarane ved Havforskingsinstituttet skal i prosjektet samarbeida med forskarar ved NINA, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø og Noregs geologiske undersøking.
I tillegg deltar forskarar frå institusjonar i New Zealand og Spania.

Publisert: 19.12.2018 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29