Vil fornye vidaregaaande opplaering
RAPPORT: Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner fekk tysdag rapporten frå Liedutvalet. 
Nytt

Vil fornye vidaregåande opplæring

Målet er at ni av ti elevar skal fullføre vidaregåande skule. Då trengst det endringar, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

17.12.2019
NPK-NTB-Marthe Lien: Liedutvalet, leidd av Ragnhild Lied, leverte tysdag den andre av to rapportar om kva som fungerer og ikkje fungerer i vidaregåande skule, til Kunnskapsdepartementet.
– Denne rapporten viser at det er behov for å fornye vidaregåande opplæring. I dag har mange elevar store kunnskapshol frå grunnskulen og møter derfor utfordringar i vidaregåande. Mange elevar er heller ikkje godt nok førebudde når dei skal søke læreplass eller ta fatt på vidare studiar, seier Sanner.
Hovudinnstillinga bygger på delinnstillinga frå desember i fjor og inneheld over 100 tiltak til endringar i struktur, organisering og fagsamansetjing i den vidaregåande opplæringa i framtida. Sanner meiner ho gir eit godt grunnlag for nødvendige endringar.

Meir fokus på den enkelte

Hovudforslaga til utvalet er mellom anna:
* Retten til vidaregåande opplæring blir utvida til ein rett til å fullføre – altså å gå bort frå ein rett som gjeld talet på år med vidaregåande opplæring.
* Opplæringa skal vere basert på kvalifikasjonar. Elevar som ikkje har eit godt nok fagleg nivå frå ungdomsskulen, skal få innføringsfag i norsk, engelsk og matematikk, og elevane må bestå faga for å kunne gå vidare til neste fagnivå.
* Opplæringa skal føre til anten studiekompetanse eller yrkeskompetanse.
– Elevane får éin sjanse. Mislykkast du der, så er du overlaten til seg sjølv, seier utvalsleiar Lied.
– Alle skal kunne fullføre vidaregåande med ein sluttkompetanse som kan opne dørene for vidare utdanning eller arbeidsliv.

Innføringsfag

Lied meiner det trengst eit vesentleg skifte som peikar på ein annan logikk.
– Vi må tilpasse oss meir føresetnadene til den enkelte eleven. I dag er tilbodet nærast likt for alle i både innhald og tida ein kan bruke. Då er det ikkje så rart at nokon opplever å mislykkast eller bli demotiverte, seier Lied
Utvalet foreslår derfor mellom anna å innføre obligatoriske innføringsfag i norsk, engelsk og matematikk for dei som treng det, noko som kan gi ein startkompetanse samtidig som elevane får starte med undervisning i dei faga der dei er kvalifiserte.
– Vi må legge til rette for at elevane med svært ulik ståstad blir møtt der dei er, meiner ho.
– Den grundige rapporten og forslaga frå utvalet kjem til å bli viktige inn i arbeidet med mellom anna stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring. Vi tar sikte på å legge fram denne våren 2021, seier Sanner.

Utdanningsforbundet: – Etterlengta

Leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal seier rapporten er «etterlengta» – 25 år etter at Reform 94 kom.
– Elevane skal bli betre budde til å studere, eller dei skal bli betre budde til yrkeslivet. Det meiner eg er bra og vil forhåpentlegvis bli opplevd som ei fornying og auke motivasjonen til elevane.
- At utvalet går bort frå retten til eit bestemt omfang av vidaregåande opplæring, til ein rett til å fullføre, er nytt og spennande. Korleis dette kan gjennomførast, må vi sjå nærare på, seier Handal til NTB.

Publisert: 17.12.2019 13:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48