Lasteskip eemslift hendrika foto redningshelikopteret florø kystverket 33
I DRIFT MED SLAGSIDE: Uroa for at lasteskipet Eemsdal Hendrike skal kantre, er blitt mindre det siste døgnet, etter at ein arbeidsbåt sklei av dekk. Skipet har slagside og har vore i drift sidan måndag. Foto: Redningshelikopteret Florø/HRS Sør-Norge
Nytt

Vil forsøke sette folk om bord

Bergingsmannskapa har eit tidsvindauge før veret blir verre. Eit helikopter skal ut til havaristen med spesialtrena mannskap.

07.04.2021

Berginga av det nederlandske lasteskipet som er i drift vest for Ålesund, tek lengre tid enn planlagt onsdag.

Dei to fartøya BB Ocean og Normand Drott kom natt til onsdag fram til det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika, som skal klargjerast for slep. Også kystvaktskipa KV Sortland og KV Bergen er på staden.

Ved å sette slep på båten er Kystverket optimiske med sjansane for å unngå eit forlis.

Håper å ha folk ombord i ettermiddag
Eit helikopter var onsdag føremiddag i området ved havaristen for ei befaring. Etterpå opplyste Kystverket at helikopteret var på veg tilbake til land for å hente fire spesialtrena bergingsmannskap frå Nederland.

Etter planen skulle denne turen skje i løpet av føremiddagen. Ved 12.30-tida får NETT NO opplyst av Kristin Ballantine-Marthinsen i kommunikasjonseininga til Kystverket, at tidspunktet er forskjøve til tidleg ettermiddag.

Planen er framleis den same; at dei fire bergingsmannskapa setjast av på lasteskipet, der dei skal ta imot og feste slepetau til båten.

Følg AIS-sporinga til skipa via Kystverket si side for bølgjevarsel (ekstern lenke)

Følg helikopteraktiviteten via Flightradar.com (ekstern lenke)

Veret roar seg
Onsdag føremiddag drifta skipet framleis mot kyststraumen og avstanden til Stad er kring 23 nautiske mil – drygt 40 kilometer.

– Vi er veldig optimistiske til at fartøyet skal takast i slep i løpet av formiddagen og bringast inn i rolegare farvatn innanskjers, sa beredskapsdirektør Hans-Petter Mortensholm i Kystverket til NRK tidleg onsdag morgon.

Beredskapsdirektør Mortensholm poengterte at vêret var i ferd med å roe seg til det akseptable.

Marinogram frå staden der havaristen ligg, viste ei signifikant bølgehøgde på kring 5,5 meter. Bølgehøgda skal gå ned dei neste timane, men torsdag kjem ei ny auke både i vind og bølgehøgde.

– Eg antek at den største risikoen er at sjøgangen er så stor at ein ikkje får sett over slepar, men det er nok lite sannsynleg, seier han.

Tette snøbyer kan skape utfordringar for helikopteret som skal sette om bord spesialistane frå Smit Salvage.

(saka held fram under)

Normand drott foto solstad offshore 22
KRAFTIG SKIP: Ankerhandteringsskipet Normand Drott blir sentral i arbeidet med å berge lasteskipet. Offshoreskipet med ein slepekraft på 339 tonn hyra inn til aksjonen. Før det 90 meter lange skipet blei overteke av Solstad Offshore, gjekk det under namnet Rem Gambler. Foto: Solstad Offshore

Kan gå på grunn
Om ikkje bergingsmannskap får slepar om bord i det drivande skipet, kan det 5.460 tonn store fartøyet treffe land i løpet av ettermiddagen onsdag. Men Kystverket trur det blir berga før den tid.

Det nederlandske lasteskipet har rundt 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel om bord.

– Ei verstefallshending er at ein ikkje får over slep i det heile. Då blir situasjonen kritisk, og fartøyet kan gå på grunn. Det er lite sannsynleg, men noko vi er førebudde på, seier Mortensholm.

Båt sklei av dekk
Skipet dreiv tysdag kveld sørover med ein fart på 1,5 til 2 knop og med slagside på 45 til 50 grader. Etter at den eine av båtane på dekket fall av tysdag, har fartøyet stabilisert seg noko, og faren for at det skal kantre kan vere redusert.

Eemslift Hendrika var lasta med servicebåtar til bruk i oppdrettsnæringa. Den nederlandske båten sende ut nødsignal måndag formiddag. Det skulle til Trøndelag då lasta forskauv seg, og måndag kveld mista skipet all motorkraft og har vore i drift sidan.

Publisert: 07.04.2021 09:52

Sist oppdatert: 15.04.2021 10:42

Mer om