Lasteskip eemslift hendrika innfelt normand drott foto redningshelikopteret florø kystverket solstad offshore 22
OVER BORD: Ein arbeidsbåt som stod midt på dekk har forsvunne over bord frå det lasteskipet. Offshoreskipet Normand Drott (innfelt) er tysdag kveld på veg mot havaristen. Foto: Redningshelikopteret Florø/HRS Sør-Norge/Solstad Offshore
Nytt

Har eitt døgn til å hindre grunnstøyting

Kystverket trur dei vil klare å sette slep på havaristen. Eit tidlegare Rem Offshore-skip blir sentralt i berginga.

Marius Rosbach
06.04.2021

Tidleg tysdag kveld opplyser Kystverket at det er sannsynleg at dei vil klare å kople opp eit slep på lasteskipet Eemslift Hendrika.

Då var skipet framleis i drift kring 40-50 mil nordvest for Ålesund. Kystverket anslår vidare at skipet kan nå land innan eit drygt døgn. Med andre ord må eit slep vere på plass i løpet av morgondagen for å hindre ei grunnstøyting.

Tidlegare Rem-skip på veg
Tysdag kveld er to båtar på veg mot havaristen. Den eine er ein større slepebåt frå Kristiansund, medan den andre er ankerhandteringsskipet Normand Drott.

Ifølgje skipsmeklarane Westshore Shipbrokers og Seabrokers er skipet med ein slepekraft på 339 tonn hyra inn til aksjonen for tre dagar. Før det 90 meter lange skipet blei overteke av Solstad Offshore, gjekk det under namnet Rem Gambler og vart levert frå Vard sitt Brattvåg-verft i 2010.

Ved 20.30-tida tysdag kveld var offshoreskipet snart ved Måløy og gjekk med 14-15 knops fart mot lasteskipet.

Følg AIS-sporing på skipet her (ekstern lenke)

Kystverket har anslått at fartøya vil vere framme ved lasteskipet ved 3-4-tida natt til onsdag.

– Dersom ver og vind tillet det, vil det bli frakta personell om bord på havaristen for å få festa sleper. Skipet skal så etter planen slepast til land, opplyser Kystverket i meldinga på si heimeside.

Arbeidsbåt falt over bord
Ein arbeidsbåt som stod på dekk på lasteskipet, har slite seg, og låg tysdag nokre nautiske mil frå det nederlandske skipet. Kystverket påpeiker at dei ventar det har ein positiv effekt på stabiliteten til båten.

Med andre ord kan det både ha bidrege til å unngå at lasteskipet kantrar og ha gjort jobben med å feste slep lettare.

Kystverket sjekkar også ressursar for eit eventuelt helikopterløft av mannskap ut til havaristen.

Dårleg ver
Det dårlege vêret i området med 15-18 meter høge bølgjer og 18-20 sekundmeter vind frå nord, gjer bergingsaksjonen vanskeleg.

KV Sortland kom tidlegare tysdag fram til havaristen. Førebels kan dei ikkje gjere så mykje anna enn å observere og vente.

Då blei det også kjent at reiarlaget har hyra det nederlandske bergingsselskapet Smit Salvage, som vil leie arbeidet med å handtere havaristen.

(saka held fram under)

Lasteskip eemslift hendrika skjermdump foto redningshelikopteret florø hrs sør norge 11
HOPPAR: Stillbilde frå videoopptak viser ein av mannskapet som er klar til å hoppe i sjøen frå akterenden av skipet - for å bli plukka opp av redningsmannskapet. Foto: Redningshelikopteret Florø/HRS Sør-Norge

Fekk slagside
Lasteskipet sende måndag ut nødsignal etter at lasta forskauv seg og skipet fekk slagside. Seinare mista skipet motorkraft og har vore i drift sidan.

Måndag kveld blei dei fire siste frå mannskapet berga i land. Video (sjå under) teke av redningshelikopteret i Florø, viser korleis mannskapet hoppar i sjøen frå akterenden av skipet - for å bli plukka opp av redningsmannskapet.

(saka held fram under)

Om bord i lasteskipet er det kring 350 tonn tungolje og 50 tonn diesel.

Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter fortalde til NETT NO tidlegare tysdag at han fryktar ei større miljøkatastrofe enn Arisan-forliset., og viser til at tidspunktet gjer at eit oljeutslepp vil gjere stor skade for fauna og fuglelivet.

Kystverket opplyser at dei kartlegg ressursar som fartøy og folk, for ein eventuell oljevernaksjon om lasteskipet skulle treffe land og grunnstøyte.

Sjekk oppdatert AIS-sporing på lasteskipet (ekstern lenke)

Publisert: 06.04.2021 19:32

Sist oppdatert: 15.04.2021 10:42

Mer om