Fylkespolitikarane i kompetanse- og næringsutvalet blir råda til å løyve éin million kroner til eit prosjekt som kan redusere utsleppa frå Tafjord sitt forbrenningsanlegg i Ålesund.
Breivika-anlegget er det 3. største utslippspunktet av CO2 i Møre og Romsdal.
No skal det undersøkast om det er mogleg å fange karbonet, og kombinere det med biomasse for å lage mikroalgar.
Rår politikarane til å støtte med éin million
Det er Hyperthermics og Tafjord Kraft som søkjer om støtte for prosjektet som i første omgang skal avklare tilgang på biomasse, marknadsanalyse, teknisk verifisering og prosjektering av eit potensielt pilotanlegg.
Hyperthermics jobbar med nedbryting av organisk materiale til biogass- og proteinproduksjon. Med seg på laget har dei også Arctic Algae AS som har spesialkompetanse innan mikroalger.
Fylkeskommunedirektøren rår politikarane i utvalet til å seie ja til ei støtte på éin million kroner til arbeidet i deira møte på torsdag.
Stort potensial for utsleppskutt
Ved å fange og utnytte CO2-utslepp frå avfallsforbrenninga kan ein bidra til ein betydelig reduksjon av klimagassutslepp i Møre og Romsdal fylke, estimert til opptil 4 prosent, heiter det i saksutgreiinga.
I vurderinga skriv fylkeskommunedirektøren at prosjektet har eit klart mål om å nyttiggjere seg av, og redusere CO2-utsleppet til Tafjord Kraftvarme.
Det blir vidare understreka at arbeidet har stort potensiale ved at det kan gi sirkulære miljøeffektar, i form av kommersiell utnytting av råstoff til å utvikle algar.
Ei løyving på éin million kroner, utgjer drygt 30 prosent av kostnadene ved forprosjektet.
Vil støtte seks prosjekt
Løyvinga fylkespolitikarane skal ta stilling til er ein del av støtta dei delar ut gjennom sitt Skaparkraft-program.
Det er meint å styrke eksporten og skape nye verdikjeder i regionen.
Fylkeskommunedirektøren rår politikarane til å støtte seks prosjekt med til saman nær 4,7 millionar kroner i denne omgang.
Prosjekta som blir tilrådd støtte er:
- Rewaste – «Slam, en uutnyttet ressurs? Vann, Sand, og Slam gjennom Industriell symbiose og fremtiden» - 636.500 kroner.
- iKuben – «Industriell symbiose - Sirkulær Hub Hustadvika» - 1 mill. kroner.
- Tjeldergodden Utvikling AS – «Grønn HUB Tjeldbergodden» - 1. mill. kroner.
- Blue Legasea AS - «Gjøsund Hamn – nasjonal hub for landing og foredling av marint restråstoff» - 590.000 kroner.
- ÅKP AS «OASIS-Offshore Accelerator for System Integration and Storage» - 750.000 kroner.
Fylkeskommunedirektøren rår utvalet til å avslå to søknadar, frå Attvin AS og Ocean Network.
Publisert: 03.12.2024 12:39
Sist oppdatert: 03.12.2024 12:52