Harald Nordal og Jan Remmereit
FRÅ START: Harald Nordal (t.v.) og Jan Remmereit har vore med i Hyperthermics fra starten. Biletet er frå 2014. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Leiarskifte i Hyperthermics

Erlend Haugsbø går av. Styreleiar Harald Nordal tek over, inntil vidare.

23.10.2023

Erlend Haugsbø har arbeidd i Hyperthermics i neste sju år, og vore toppsjef sidan august 2019.

Skiftet kjem etter ein dialog mellom styret og Erlend Haugsbø, skriv styreleiar Harald Nordal i eit tekstmelding til NETTNO.

Nordal skal berre vere dagleg leiar i ei overgangsperiode, medan selskapet jaktar på ny toppsjef.

Bakteriar i biogassanlegg
Ideen til Hyperthermics er å bruke bakteriar som lever under høg trykk og høge temperaturar til å sette fart på nedbrytingsprosessen i anlegg som behandlar organisk avfall og produserer biogass.

Kort sagt skal Hyperthermics-metoden auke kapasiteten i slike anlegg. Eit pilotanlegg frå Hyperthermics har vore installert på Lindum sitt biogassanlegg ved Drammen sidan 2015.

Hyperthermics med adresse i Ulsteinvik, spring ut av miljøet rundt Natural-gründer Jan Remmereit i Hovdebygda. Dei var eitt av selskapa som blei etablert etter at ørstingen selde aksjane sine i Natural til Kjell Inge Røkkes Aker i 2006.

Har venta på gjennombrotet
- Målet er å skrive under fire kontraktar innan slutten av året, sa Harald Nordal til NETT NO i 2017.

Så kjapt gjekk det ikkje.

I mai i år sa Haugsbø at selskapet ventar det store kommersielle gjennombrotet i år.

Forventningane var knytt til positive resultat frå avtalen Hyperthermics fekk i 2021 om å bygge og levere eit testanlegg til eitt av danske Nature Energy sine biogassanlegg, ved Videbæk på Jylland.

- Vi er fornøgd med testresultata i Danmark, sa Haugsbø i mai i år.

Fleire kapitalutvidingar
Hyperthermics har gjennomført fleire kapitalutvidingar for å finansiere drift og utviklingsarbeid.

På eigarsida har både Halsebakk-familiens investeringsselskap Ronja Capital og dei tidlegare Optimar-medeigarane Frode Håkon Kjølås og Peder Stette kome inn.

I 2022 blei Måsøval Eiendom og investeringsselskapet Farvatn Private Equity medeigarar i ei kapitalutviding. Største aksjonær er det kommunalt eigde energiselskapet Vardar.

Publisert: 23.10.2023 11:00

Sist oppdatert: 23.10.2023 13:47

Mer om