Peggy Hessen Følsvik skjermfoto 11
KLAR FOR LØNNSOPPGJERET: LO-leiar Peggy Hessen Følsvik på Haramskonferansen tysdag. Skjermfoto frå direktesending
Nytt

Vil gjere arbeidsfolk i stand til å vere med på omstilling

LO-leiaren vil ha meir til etter- og vidareutdanning i lønnsoppgjeret.

Marius Rosbach
13.02.2024

Tysdag var det klart for den årlege Haramskonferansen mellom anna med LO-leiar Peggy Hessen Følsvik på scena.

Etter innlegget hennar som i stor grad dreia seg om omstilling – både når det gjeld klimautslepp og arbeidsmarknaden – kom ho inn på årets lønnsoppgjer.

– Våre krav i lønnsoppgjeret vil vere kompetanse, sa Følsvik og la til at etter og vidareutdanning vil vere avgjerande.

Sjå sending frå Haramskonferansen i opptak (ekstern lenke)

Kommentaren kom som eit svar på spørsmålet om kostnadene for å nå klimamåla. Følsvik påpeika at det ikkje var arbeidstakarane som skulle betale for det grøne skiftet – og at dei i første rekke må gjerast i stand til å kunne delta.

Då Følsvik møtte statsministeren saman med NHO-sjef Ole Erik Almlid måndag, sa ho at LO-medlemmane også venta reallønnsauke i år.

Regionen har kraftunderskot
LO-leiaren tok naturleg nok også tak i kraftsituasjonen, der Nordvestlandet har eit stort underskot. Saman med NHO har dei laga ein rapport som peikar på utfordringane.

Konferansen ble innleia med at Tore Tomasgard som inntil nyleg var forskingsleiar i Møreforsking, la fram resultata av denne.

LO-leiaren viste til at ny kraftproduksjon var nødvendig, om ikkje industrien sin konkurranseevne skulle bli svekka.

Såg moglegheiter
Følsvik la ikkje skjul på at det var utfordringar med å nå klimamåla om ei halvering av utsleppa innan berre seks år. Ho retta i første rekke merksemda mot moglegheitene.

Ho trekte spesielt fram krisehjelpa til oljeindustrien under pandemien, som ho meiner var eit vellukka grep som vil bidra til å auke aktiviteten framover.

LO-leiaren sa ho venta vekst frå havvind, oppdrett til havs og mineralutvinning på havbotnen. Ho understreka samtidig at det var eit krav frå LO at havvind i første rekke skal skape og sikre jobbar.

Viseadministrerande direktør Anniken Hauglie i NHO vart forhindra frå å kome til konferansen grunna flykrøll.

Publisert: 13.02.2024 11:25

Sist oppdatert: 13.02.2024 19:34

Mer om