Vil gjere klippfisken trendy
NYTT PROSJEKT: Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik samen med prosjektleiar Ingebrigt Bjørkevoll frå Møreforsking i Ålesund.
Nytt

Vil gjere klippfisken trendy

Både kunnskapen og forbruket av klippfisk her heime er for lågt, meiner fiskeriministeren. Møreforsking og skuleelevar frå Ålesund og Herøy er med i nytt prosjekt.

Marius Rosbach
04.09.2019
Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik delte tysdag ut 100.000 kroner til sjømattiltaket «Trendy Klippfisk» i Ålesund. Pengane skal gå til å utvikle nye og trendy retter av salt- og klippfisk basert på lokale råvarer og smakar.
Med på samarbeidet er Møreforsking i Ålesund, Klippfiskakademiet, kokkelærlingar frå Borgund vidaregåande skole og Herøy vidaregåande skole, og Matis - som er det islandske nasjonale instituttet for forsking på mat.
– Sjølv om Norge er ein av dei største produsentane av saltfisk og klippfisk i verda, er både den nasjonale kunnskapen og konsumet i Norge relativt lavt. «Trendy klippfisk» er et spennande tiltak som eg trur kan bidra til at også barn og unge kan få smaken på nye rettar basert på disse fantastiske produkta, seier Nesvik i ei pressemelding.

– Må ha opp engasjementet

Statsråden er kjend som ein ihuga tilhengjar av å nytte klippfisken meir, og bruker den gjerne både på tradisjonelt vis – eller på grillen.
– Vi må ha opp engasjementet og haldningane kring denne næringa, sa Nesvik til i sommar.
Sula-bedrifta har gjennom fleire år satsa på å utvikle eigen merkevare, og lagar alt frå klippfisk-carpaccio til loins i ferdigpakningar og bacalao-gryte klar til å varmast.

Les meir:



Inspirasjon frå andre land

Prosjektet vil innehalde presentasjon av sjømat tidlegare, i dag og framtida. Ein skal ha spesiell merksemd på smaksutvikling, utvatning og førebuing av klippfisken. Det vert arrangert ideverkstad og presentert oppskrifter frå land og kulturar.
I kontrast til eit land som Portugal, er det få nordiske rettar der saltfisk og klippfisk nyttast. Norge eksporterte i fjor 91.600 tonn klippfisk for ein verdi av 4,2 milliardar, og 29.000 tonn klippfisk for 1,4 milliardar. Nesten heile klippfiskindustrien i Norge har base på Nordvestlandet.

Publisert: 04.09.2019 09:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39