Knut Arild Hareide NTB
SJØFART: Knut Arild Hareide ser fram til å samarbeide tett med sjøfartsnæringa i den nye jobben som sjøfartsdirektør. Foto: Marit Nilsen, Sjøfartsdirektoratet.
Nytt

Vil gå i dialog med næringa om det grøne skiftet

– Er du sikker på at du er kvalifisert for jobben, pappa? spurde sonen til den nye sjøfartsdirektøren.

NPK
15.01.2022

(NPK – Bent Tandstad) Det var den seks år gamle sonen som var mest skeptisk til at Knut Arild Hareide skulle bli ny sjøfartsdirektør. 1.-klassingen uttrykte sterk tvil om faren verkeleg var kvalifisert for jobben. Men Hareide sjølv er sikker, og han er klar på at han no har forlate rikspolitikken for godt.

Vi kjem tilbake til den skeptiske seksåringen seinare.

For tre månader sidan sat Knut Arild Hareide ved kongens bord i Oslo. Måndag 3. januar starta han jobben som toppsjef i Sjøfartsdirektoratet med Smedasundet i Haugesund som arbeidsstad.

På kort tid har Hareide gått frå å vere samferdsleminister i regjeringa til Erna Solberg til å bli toppbyråkrat. Før det var han partileiar for KrF og mangeårig stortingsrepresentant. No får han ei heilt anna rolle.

– Det er litt av eit skifte?

– Ja, det er to ulike roller, så her er rolleforståinga viktig. Mange er skeptiske til at politikarar skal gå inn i slike roller, men hugs at ein politikar har verdfull erfaring. Men eg trur ikkje eg hadde fått denne stillinga utan den formidable jobben no avdøde Olav Akselsen gjorde i si tid som sjøfartsdirektør. Han møtte mykje skepsis i starten, men han gjorde den skepsisen til skamme. Han kom frå politikken, men gjorde ein kjempejobb, seier Knut Arild Hareide.

Akselsen var mangeårig stortingspolitikar for Arbeidarpartiet før han vart olje- og energiminister. Han var sjøfartsdirektør frå 2010 til 2021, og han gjekk av i mai i fjor etter å ha vorte alvorleg sjuk. Han døydde tre månader seinare, 55 år gammal.

Knut Arild Hareide er ikkje i tvil om at det er hans forteneste at Sjøfartsdirektoratet i dag er eit direktorat i verdsklasse.

Den nye sjøfartsdirektøren er oppteken av at han tek over eit direktorat i svært god stand. På same måte som forgjengaren kjem han til å fokusere mykje på å jobbe saman med næringa.

Tilsynsorgan og samarbeidspartnar
– Rolla vår er spesiell. Vi skal føre tilsyn, men vi skal vere ein samarbeidspartnar. Vi kjem til å stå i endringar i samband med det grøne skiftet, men vi skal få det til i dialog med næringa. Den norske sjøfartsnæringa er verdsleiande på dette feltet, og eg opplever at dei også er opptekne av å ta det neste steget, seier Hareide.

Han er glad for å kome til eit direktorat der skuta er på rett kjøl, men, som han seier, ein verdsmeister kan også bli betre. Etter nokre få dagar i jobben er han klar på at det ikkje er naudsynt å leggje om kursen. No ser han fram til samarbeidet med sjøfartsnæringa.

– Eg ynskjer innspel frå dei om korleis vi kan bli endå betre. Det er heilt naudsynt med krav og føringar overfor næringa frå vår side, men det skal skje gjennom dialog, legg han til.

Ein kuriositet er det at Knut Arild Hareide i 2003 var med i det «hemmelege» utvalet, sett ned at dåverande statsråd Victor Normann, som avgjorde at Sjøfartsdirektoratet skulle flyttast ut av Oslo og til Haugesund. Han forsikrar om at han ikkje hadde ein langsiktig plan om å bli toppsjef der ein gong i framtida.

– Flyttinga ein suksess
– Det er ingen tvil om at flytting at statlege direktorat og tilsyn ut av Oslo har vore ein stor suksess. Mange var skeptiske i starten, men dette har verkeleg vorte ein suksess for Noreg. Det har gitt mange gode arbeidsplassar rundt om i landet, slår han fast.

Og no er han også sjølv blitt vestlending igjen etter mange år i hovudstaden, takka vere denne politikken. Resten av familien, kona Lisa Marie og dei tre borna på to, seks og åtte år, kjem snart flyttande etter frå Oslo til nykjøpt hus på Karmøy. Kona er litt sørlending og litt vestlending, så flyttinga var ikkje noko problem for henne. Det var seksåringen og åtteåringen som var mest skeptiske.

– Eg må nok vedgå at flyttinga vart møtt med ein viss skepsis hos dei. Dei er godt etablerte med gode vener og gode lærarar. Men det er også mykje positivt med flytting. Dei set pris på å kome nærmare besteforeldra. Vi får cirka ein times veg opp til foreldra mine på Bømlo og eit par timar andre vegen til dei andre besteforeldra på grensa mellom Rogaland og Agder, seier han.

Seksåringen viste sin skepsis blant anna ved å så tvil om faren var verkeleg var kvalifisert for jobben, kan den ferske direktøren fortelje.

Hovudjeger-jakt
– Hadde du tenkt lenge på å flytte tilbake til Vestlandet?

– Nei, ikkje før eg vart kontakta av eit hovudjegerfirma då stillinga som sjøfartsdirektør vart ledig. Då byrja eg å tenkje på det. Eg hadde sagt nei til attval på Stortinget, og regjeringa fekk ikkje halde fram. Då valde eg å søkje, eg kjende meg sikker på at eg hadde erfaringsgrunnlaget som skulle til for å klare jobben. Men det var så mange bra folk på søkjarlista at eg ikkje hadde vorte skuffa om det ikkje vart meg, seier han.

– Kva med den maritime bakgrunnen din?

– Eg vaks opp 25 meter frå sjøen, båten, garnet og teinene. Krabbefangst var favoritten min, og eg starta tidleg. Eg kunne skryte av at faren min kunne føre dei største båtane i verda. Eg har ikkje anker på skuldra, og eg har ikkje jobba innanfor næringa, men eg var tett opp mot sjøfartsnæringa som politikar, forsikrar han.

Knut Arild Hareide er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskulen i Bergen og hadde sin lengste arbeidsdag utanom politikken i mediekonsernet Schibsted. Han var knytt til Schibsted meir eller mindre frå 1997 til 2009. Sidan har det vore politikk på heiltid.

Ute av politikken
– Har du no brent alle politiske bruer?

– Eg har forlate rikspolitikken for godt. Eg har brukt mange år av livet mitt på det, og eg er glad for det eg har gjort. No synest eg det er godt å ikkje måtte han ei meining om alt mogleg. Men det er klart at det er vemodig. Eg har lagt ein epoke bak meg, og no ser eg framover mot ein ny epoke.

– Har du meldt deg ut av KrF?

– Eg har ikkje meldt meg ut. Eg vil framleis vere medlem i partiet, men no i ei passiv rolle.

– Kva er kjenslene dine når du ser kva som skjer med KrF? Det dårlege stortingsvalet, splittinga og dei elendige meiningsmålingane, det må ha gått inn på deg?

– Kristeleg Folkeparti har mange moglegheiter. Eg synest Olaug Bollestad har gjort mykje bra som leiar, og kriser kan også gi moglegheiter. Men utover det vil eg ikkje kommentere det politiske.

– Om du etter neste stortingsval skulle få tilbod om ein statsrådspost igjen, vil du vere open for det?

– Eg har vore både partileiar og statsråd. Skulle KrF kome i posisjon igjen, då bør dei satse på andre enn meg. Eg har hatt meir enn nok moglegheiter, så det vil ikkje vere rett for partiet å tenkje i mi retning.

Knut Arild Hareide har, trass i at han ikkje har fylt 50 år, ein langt politisk karriere bak seg. Han hamna i kommunestyret i Bømlo alt medan han gjekk på vidaregåande, og sidan har politikk vore ein svært viktig del av livet hans.

Eg har ikkje anker på skuldra, og eg har ikkje jobba innanfor næringa, men eg var tett opp mot sjøfartsnæringa som politikar
Knut Arild Hareide

Lilletun var mentor
– Kven har betydd mest for deg som politikar?

– Det var dåverande KrF-leiar Jon Lilletun som henta meg inn i rikspolitikken, og det var heilt avgjerande. Han følgde med i dei viktigaste åra. Etter at han gjekk bort i 2006, har eg ofte spurt meg sjølv kva Jon ville ha sagt til meg no. Men eg vil også rette ei stor takk til Dagfinn Høybråten, Valgerd Svarstad Haugland og Kjell Magne Bondevik. Dei er dyktige politikarar som har vore støttande, lojale og gitt gode råd. Dei har også betydd mykje for meg.

No ser Knut Arild Hareide ut til å bli vestlending på heiltid igjen. Så mange år i Oslo har nok gjort noko med språket, vedgår han.

– Bømlingane har aldri kritisert meg for det eg har sagt, men for at eg knotar, og det er nok med rette. Eg har fått ei slags blandingsdialekt med åra, seier han.

Han er oppvaksen med nynorsk, og det er framleis hovudmålet hans.

– Eg likar godt å skrive nynorsk, og det er hovudmålet mitt, men eg skriv også ein del på bokmål. Når det er alvor, då skriv eg alltid nynorsk Men elles det er det nok ei 50-50-fordeling mellom dei to målformene, seier den heimvende vestlendingen.

Fakta om Sjøfartsdirektoratet
* Direktoratet har ansvaret for det statlege arbeidet for tryggleik, helse, eigedom og det marine miljø knytt til skip og flyttbare oljeplattformer.

* Oppretta i 1962. Sorterer under Nærings- og handelsdepartementet.

* Fører kontroll med skip, registrerer skip og fartøy, skriv ut sertifikat til sjøfolk, fører tilsyn med arbeidsforhold og overvakar risikobiletet i sjøfarten.

* Skal marknadsføre Noreg som flaggstat for internasjonal skipsfart.

* Direktoratet har seks avdelingar og 16 region- og tilsynskontor. Har rundt 300 tilsette.

* Knut Arild Hareide er direktør frå 2021.

(Kjelde Store norske leksikon, snl.no)

Fakta om Knut Arild Hareide
* Fødd på Bømlo i Hordaland 23. november 1972

* Gift med Lisa Marie, tre born.

* Utdanna siviløkonom. Politisk rådgjevar og statssekretær i regjeringane til Kjell Magne Bondevik. Miljøvernminister frå 2004 til 2005.

* Stortingsrepresentant frå 2009 til 2021.

* Vald til KrF-leiar i 2011.

* Gjekk av som partileiar 2018 etter intern strid om vegval for partiet. Vart samferdsleminister i Solberg-regjeringa etter at Frp-trekte seg frå regjeringa i januar 2020.

* Sjøfartsdirektør frå 2022.

Publisert: 15.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 14.01.2022 17:07