Kirsti slotsvik byggebørsen sørsida foto marius 11
SØRSIDA: Kirsti Slotsvik er framleis leiar for Sørsida Utvikling til september. I desse dagar blir det forhandla med Møre og Romsdal fylkeskommune om tomt i området. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil ha breiare blikk på havet i ÅKP

Den påtroppande ÅKP-sjefen kjenner seg ikkje ferdig med Sørsida.

Marius Rosbach
23.02.2023

Torsdag vart det kjent at Kirsti Slotsvik tek over leiinga av ÅKP når Per Erik Dalen gir seg etter nær 20 år som sjef for innovasjonsselskapet.

Slotsvik vil ikkje kome med ei programerklæring for den nye jobben, men trur ÅKP «heilt sikkert vil sjå annleis ut» dei neste 2o åra.

– No jobbar eg saman med styret for å legge ein god strategi framover, men eg kjem ikkje med noko radikale endringar, seier Slotsvik til NETT NO.

– Havet er stort
Ei breiare blikk på havet er likevel ei kursjustering den påtroppande ÅKP-sjefen ser føre seg.

– ÅKP har vore gode på det maritime området, men framover trur eg vi må tenke at havet er stort og inneheld meir, seier ho.

– Då tenker du mellom anna på marin industri?

– Ja, det er viktig at næringslivet på Sunnmøre og i Møre og Romsdal elles, møter dei moglegheitene på ein god måte. Her trur eg det er meir å hente, legg ho til.

Forhandlar med fylke om tomt

Kirsti Slotsvik har leia det kommunalt eigde utviklingselskapet Sørsida Utvikling i Ålesund sidan mars 2021. Selskapet skal sørge for at området kring rutebilstasjonen blir bygd ut.

Sidan Slotsvik har eit halvt års oppseiingstid i utviklingsselskapet, er ho enno ikkje ferdig her, påpeiker ho.

– Eg skal bruke dei månadene eg har igjen godt. Det er mykje som ligg i loopen framover no, og eg trur det er lagt eit godt grunnlag for personen som kjem etter, seier ho.

I desse dagar forhandlar dei med Møre og Romsdal fylkeskommune om tomt. Her er det håp om at det kjem ny vidaregåande skule og andre fylkeskommunale funksjonar.

Kjem avtalen med fylket på plass før du sluttar?

– Eg satsar på det, seier Slotsvik.

Publisert: 23.02.2023 13:00

Sist oppdatert: 24.02.2023 09:20

Mer om