Investormatch mars 2022 foto marius 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
FULLT HUS: Investormatch i regi av Nordea og ÅKP trekte fullt hus på NMK i Ålesund i 2022. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Dobbel dose Investormatch

I fjor måtte Investormatch flytte til større lokale. I år blir arrangementet utvida.

18.01.2023

- Vi har ambisjonar om å etablere dette som ein av dei leiande arenaane for å kople vekstselskap og investorar i heile Noreg, seier fagleg ansvarleg for Investormatch, Håvar Risnes i ÅKP.

Investormatch er eit samarbeidsprosjekt med ÅKP, Nordea, Converto, Alliance Venture og BDO som partnarar i år, og blei første gang arrangert i 2019.

Både vår og haust
Inntil i år har Investormatch vore eit årleg arrangement. No blir det Investormatch to gangar i året - både vår og haust.

Investormatch er etterfølgjaren til "Founders lunch" eit hyppigare investor/gründer-arrangement i ÅKP-regi, i mindre skala.

(saka held fram under)

Meir om Investormatch:

Medan bedriftene som presenterte seg på "Founders Lunch" typisk var i ein svært tidleg fase er det typisk bedrifter som er større og meir utvikla som presenterer seg på Investormatch.

Her er det også gjort eit meir omfattande arbeid for å trekkje investorar til arrangementet.

Trur Nordvestlandet kan lokke selskap
Risnes meiner Nordvestlandet og det varierte næringslivet, mellom anna har eit potensiale i trekkje til seg teknologibedrifter som også skal produsere fysiske ting.

Han brukar selskapet Wavefoil som døme. Det er eit selskap som spring ut av teknologimiljøret i Trondheim, men som no har adresse i Ålesund.

Wavefoil lagar vengjer som kan fellast inn skipsskroget når dei ikkje er i bruk. I fart reduserer vengjene drivstoff-forbruket og gir rolegare gange.

Løsna på bremsen
Risnes seier interessa frå investorhald er stigande etter at mellom anna krig og skatteauke gjorde investorane meir atterhalden i fjor haust.

Selskapa som vil presentere seg på årets første Investormatch, onsdag 29. mars, blir vald ut etter at søknadsfristen går ut 1. mars.

Bedriftene som får vere med får rådgiving med på kjøpet, mellom anna om korleis dei skal presentere seg for moglege investorar.

Publisert: 18.01.2023 15:35

Sist oppdatert: 18.01.2023 18:59

Mer om