Peggy Hessen Følsvik foto ntb scanpix 11
VALDERØYA: Peggy Hessen Følsvik er heime på Sunnmøre på sommarferie hos mora. Det er mykje ho saknar med øya når ho bur i Oslo, men det er likevel ikkje aktuelt å flytte tilbake ein dag. Foto: Peder Skjelten / NPK
Nytt

VIl ha folk i fast jobb og omstilling til det grøne skiftet

Lo-leiaren har blitt rotfesta på Austlandet, men brukar alle moglegheiter til å reise «heim» til Valderøya.

NPK
28.08.2021

(NPK-Peder SKjelten): – Det var eit lite samfunn då eg vaks opp. Her var flyplass, fiske og landbruk og alle kjente alle. Det er stor forskjell frå då til no, seier Peggy Hessen Følsvik, når vi møter ho på Valderøya på Sunnmøre, der ho er på ferie hos mora.

Ho vaks opp på naboøya, Vigra, og flytta vekk på 80-talet for å studere. Sidan det har det kome tunnellar som har knytt øyane ute i havet saman med fastlandet, og det har eksplodert med bustadar og bedrifter.

Fakta om Peggy Hessen Følsvik

Fødd 12. november 1960

Vaks opp på Vigra

Bur i Bærum

Yrke: Leiar i LO

Sivilstatus: Gift

Hobby: Glad i å vere i skog og mark og dra på sykkelturar.

Les: Glad i bøker innan sjangeren magisk realisme, som Haruki Murakami og Isabel Allende, og les med glede Edvard Hoem sine bøker frå romsdalskysten.

Nær vêr og hav
I dag bur ho i Bærum og er leiar i LO, ein organisasjon ho har vore tilsett i fleire år.

Sidan mykje av familien framleis bur på øyane like utanfor Ålesund, er ho årleg på besøk. I tillegg saknar ho å kjenne på vêret som kan kome på haustane og nærleiken til både fjell og hav.

– Vi er nær fjord i Bærum òg, men både eg og mannen min har alltid lurt på kva folk gjer i båtane sine inne i Oslofjorden? Dei ligg og et reker og drikk kvitvin. Det blir fort rart for oss som er vande med at ein skal ut på havet for å fiske.

– For meg er det også eit anna tempo her enn i Oslo og området nær byen der det er meir folk og kø, men det kan ha med at eg er oftare er her når det er ferie.

– Kva viser du til tilreisande som kjem på besøk hit?

– Denne ferien har vi med oss gjestar som aldri har vore her før. Seinare i dag skal vi til Alnes fyr på Godøya, bade på Giskesanden og vise dei Ålesund. I morgon skal vi reise lengre inn i fylket, til Norddal på overnatting, og gå nokre fjell der inne.

Ikkje tilbake
I Bærum har ho likevel med seg ein bit av Sunnmøre. Mannen hennar er også sunnmøring, som gjer det enklare å behalde dialekta, trass i at ho kan få kommentarar heimanfrå om at ho har blitt litt utvatna frå å ha budd 30 år vekke.

– Blir det aktuelt å flytte tilbake ein gong?

– Det trur eg ikkje. Vi er så rotfesta på Austlandet med jobbar og familie at det ikkje er aktuelt. Det var i utgangspunktet jobbar som tok oss dit, men no er vi så etablerte der at heimreisene må bli på fritid og i ferie.

Valkamp og arbeidsledige
Etter ferien blir det tilbake til jobben som leiar i LO. Det blir også ei spennande tid framover, der stortingsvalet i september blir ei hektisk periode.

Kva er den viktigaste saka for LO til valet?

– Vi vil ha ei ny raudgrøn regjering, leia av Arbeidarpartiet, og vi vil ha folk tilbake i jobb. Like før sommarferien hadde vi den høgaste arbeidsløysa sidan før krigen, med 200.000 arbeidsledige nordmenn. Vi vil ha folk i faste og trygge jobbar, så skal vi også ha ei omstilling til det grøne skiftet i næringslivet.

(©NPK)

Publisert: 28.08.2021 16:20

Sist oppdatert: 29.08.2021 17:01

Mer om