Arbeidsløysa bit seg fast i industrien
Langt færre ledige innan reiseliv og transport på Nordvestlandet.
NAV-tala for juli som kom fredag viser at industrien er den bransjen i Møre og Romsdal som skil seg ut med flest heilt ledige.
568 personar i industrien er registrert som heilt arbeidsledige i fylket, og talet har svinga kring dette nivået dei siste månadene.
For reiseliv og transport har situasjonen betra seg betydeleg dei siste månadene. I juli månad var det registrert 352 heilt ledige i desse bransjane.
Det er 172 færre enn i mai månad, og rimar godt med oppsvinget hotell- og serveringsbransjen har opplevd i sommar.
Elles i Møre og Romsdal er det dei i bygg- og anleggsbransjen, serviceyrke og butikk- og salsarbeid vi finn flest ledige.
Flest ledige i reiseliv og transport i Vestland
Tendensen med færre arbeidsledige i reiseliv og transport, er den same i Vestland fylke. Likevel er det framleis flest ledige i desse bransjane her i fylket.
På dei neste plassane over bransjar med høg arbeidsløyse i Vestland, følgjer serviceyrke, industrien og butikk- og sal.
Framleis godt under landssnittet
Julitala viser at utviklinga korrigert for tendens i sesongen, held fram å gå nedover i Møre og Romsdal.
Ved utgangen av juli 2021 er det registrert 3 512 helt arbeidsledige i Møre og Romsdal, noe som utgjør 2,5 prosent av arbeidsstyrken.
I Vestland auka arbeidsløysa litt i juli, og er no på 2,9 prosent. Det er framleis godt under landsgjennomsnittet på 3,1 prosent.
5,3 prosent ledige eller på tiltak
Ved utgangen av juli er det registrert 149.300 heilt arbeidsledige og arbeidssøkjarar på Nav-tiltak her til lands. Det utgjer 5,3 prosent av arbeidsstyrken.
Dette er 5.500 færre enn ved utgangen av juni, justert for sesongvariasjonar, opplyser Nav.
I alt 86.800 personar var registrerte som heilt arbeidsledige ved utgangen av juli, noko som utgjer 3,1 prosent av arbeidsstyrken.
– Nedgangen i talet på arbeidssøkjarar held fram i juli i takt med oppmjukinga av smitteverntiltaka, siger arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Det er urovekkjande at vi ser ein vekst i langtidsarbeidsløysa
Fleire langtidsledige
Likevel er det ein merkbar auke i talet som har vore heilt ledige i minst 26 veker, eller seks månader. Dette talet er 57.323 i juli-rapporten , mot 50.683 i juni. Det uroar Arbeidarpartiet.
– Det er urovekkjande at vi ser ein vekst i langtidsarbeidsløysa, di enger ein står utanfor arbeid, di meir krevjande blir det å komme i jobb igjen, siger arbeidspolitisk talsperson Rigmor Aasrud i Arbeidarpartiet.
Partiet ønskjer seg at regjeringa gjer ein større innsats for å få folk tilbake i jobb.
Færre permitterte
Til saman 17.600 av dei heilt arbeidsledige er permitterte, medan det same gjeld 22.200 av dei delvis arbeidsledige. Dei permitterte utgjer til saman 1,4 prosent av arbeidsstyrken.
– Talet på permitterte har gått kraftig ned dei siste månadene, og i juli er det om lag halvparten så mange permitterte samanlikna med mars. Den siste månaden er det ein reduksjon i talet på delvis permitterte som fører til nedgangen, siger Holte.
Størst nedgang blant unge
Det har vore ein nedgang blant alle aldersgrupper, og han er størst blant dei mellom 25 og 29 år med ein nedgang på 6 prosent. Delen heilt arbeidsledige er høgast i aldersgruppa 30 til 39 år.
Statsminister Erna Solberg (H) siger at det er positivt at arbeidsløysa no går ned endå meir.
– Det kjem av at vi har gjenopna meir, slik at fleire kjem tilbake i jobb, og det er god driv i store delar av norsk økonomi, siger ho.
Ho gler seg spesielt over at arbeidsløysa fell blant unge.
Publisert: 30.07.2021 16:02
Sist oppdatert: 30.07.2021 16:05