Mineryddarar kan gi 20.000 årsverk i maritim næring
Topptungt Frp-lag fekk forslag om korleis politikarane kan hjelpe den maritime klynga.
Frp-toppane Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale har fredag teke turen til Sunnmøre der dei mellom anna møter representantar frå den maritime klynga.
Lise Haugan som leiar Deck Machinery & Motion Control hos utstyrsleverandøren Kongsberg Maritime hadde to konkrete innspel til politikarane då dei møttest i lokala til Hareid Group.
– Det første tiltaket er eit prosjekt som er helt gryteklart, og det er å sikre at Vanguard-prosjektet hos oss kjem med på statsbudsjettet. Det er eit kraftig og konkret motkonjunkturtiltak, påpeika Haugen.
Sylvi Listhaug påpeika til NETT NO at Frp forsøkte å overtyde regjeringa om å få inn dette prosjektet allereie i revidert budsjett i år.
– Då skulda dei på at langtidsplanen ikkje var i mål, men vi kjem til å halde fram å kjempe for å få inn dette på statsbudsjettet til neste år, sa ho.
Kan byggjast på to år
Moglegheita til å forsere bygginga av fire-fem mineryddarfartøy har vore diskutert hos ulike politiske parti. Planen er at skipa kan byggjast med 95 prosent norsk utstyr om bord.
Til saman vil fire-fem mineryddarar kunne gi 20.000 årsverk hos bedrifter langs kysten, ifølgje Kongsberg.
Ei samla maritim næring og mellom anna Rederiforbundet, Fellesforbundet og Norsk Industri har også bedt om eit slikt grep.
Haugen i Kongsberg Maritime bad også politikarane sjå på moglegheita til å redusere kravet til at bedrifter finansierar halvparten av innovasjonsprosjekt dei får støtte til.
– For puslete
Denne veke lanserte regjeringa kondemneringsordninga for skip i nærskipsfart og ei låneordning for skip i nærskipsfart og fiskeflåten.
Den meiner Oskar Grimstad som er styreleiar i Kystrederiene, er for liten.
– Eit beløp på under ein milliard kroner, blir for puslete, sa han.
Grimstad påpeika at nærskipsflåten er veldig ulik og for dei som driv med frakt langs kysten er det tunge tider. Mange slit med å fornye flåten sjølv om det er behov for det.
Vil ha betre finansiering
Havila-sjef Njål Sævik og Ulstein Group-sjef Gunvor Ulstein bad i første rekke om betre moglegheiter til å finansiere aktivitet i maritim næring.
– Også ønskar vi ei grøn vrakpantordning, som må vere større enn den som ligg der no. Eg skulle ønske at vi hadde sett ned ei arbeidsgruppe der vi klarte å ta ut 50 til 100 båtar frå offshoremarknaden i Nordsjøen og klarte å få med oss bankane, staten og resten av klynga for å sjå kor vi kan strippe desse båtane og få nokre pengar ut av det på ein grøn måte, sa Ulstein.
Sævik peika at støtta frå Enova til å bygge om skip med batteripakkar og landstraum no er lågare enn før, fordi det ikkje lengre blir sett på som innovativt nok.
– Det er eit kortsiktig tiltak som kan skape aktivitet allereie i morga, sa Sævik.
Samtidig viste han til at Equinor for tida var ute i marknaden for nybygg, og han meinte ein bør sikre at dei oppdraga går til norske verft.
Publisert: 28.08.2020 12:29
Sist oppdatert: 21.04.2022 00:10