Vanguard illustrasjon kongsberg maritime innfelt lars conradi andersen 11
VANGUARD: Verftsdirektør Lars Conradi Andersen ved Myklebust Verft og fire andre verftsleiarar ber om møte med regjeringa for å satse på nye fartøy til Sjøforsvaret basert på Vanguard-konseptet til Kongsberg. Illustrasjon/foto: Kongsberg Maritime/Kjetil Haanes
Nytt

Vil ha fortgang i bygging av nye militærfartøy

Fem verft ber om møte med forsvarsministeren, næringsministeren og fiskeri- og havbruksministeren.

21.04.2022

– Sjøforsvaret sine nye fartøy bør absolutt byggjast i Norge. Med den nye sikkerheitspolitiske situasjonen vi har i verda, håper eg det vert satt fart på arbeidet med å skifte ut dagens fartøy.

Det seier verftsdirektør Lars Conradi Andersen ved Myklebust Verft i Sande til NETT NO.

Saman med Øystein Matre ved Westcon, Hans Jørgen Fedog ved Green Yard Kleven, Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft og Anders Straumsheim ved Fosen Yard, ber no Conradi Andersen om eit møte med dei tre ministrane om bygging av nye fartøy til Sjøforsvaret.

Vanguard-konseptet
Ei rekke organisasjonar og tillitsvalte har signert brevet der ein oppmodar om å satse på bygging av standardiserte fartøy etter modell frå Vanguard-konseptet til Kongsberg Gruppen.

Konseptet består av ei rekke modulbaserte løysingar, og har blant blant anna eit basisfartøy som i utgangspunktet er 90 meter langt, og som vil vere moderskip for ei rekke ubemanna farkostar, avhengig av oppdrag, samt helikopter.

Kongsberg Maritime, Kongsberg Defence & Aerospace, Salt Ship Design, Sintef Ocean og fleire verft har deltatt i utviklinga av konseptet, der det er lagt opp til at rundt 95 prosent av utstyret skal vere norsk.

15-20 skip
Sjøforsvaret har behov for å fornye deler av flåten med 15-20 nye skip, og i brevet, som også interesseorgansiasjonen Norske Skipsverft står bak, vert det vist til at bygging av standardfartøyer til Sjøforsvaret i Norge vil vere det viktigaste enkelttiltaket for å støtte opp om den norske maritime klynga.

Det vert vist til at situasjonen for dei store verfta framleis er prekær, og at ei satsing på norske verft vil understøtte mange tusen arbeidsplassar.

«Det er avgjerande viktig at fleire kriterier enn berre pris vert vekta. EØS-avtalen artikkel 123 gir opning for å unnta forsvarsanskaffelsar frå det grunnleggjande kravet om konkurranseutsetjing. Vi oppfordrar regjeringa til å nytte seg av denne mulegheita,» står det i brevet.

Vanguard sintef
TEST-MODELL: Vanguard prosjektet er utvikla av Kongsberg Maritime. Her blir ein modell testa i bølgjebassenget til Sintef i Trondheim. Foto: Sintef

Eksport
Det vert også vist til at Norge kan levere grøne løysingar, tilpassa militære behov, og at ei satsing på standardiserte fartøy også gir eksportmulegheiter.

– Fleire land vil ha standarfartøy. Norge kan vise verda kva vi har å tilby, og bruke utstillingsvinduet til å eksportere standardfartøy til allierte».

Lars Conradi Andersen seier at ei rekke aktørar jobbar for å få desse kontraktane til norske verft, inkludert Maritimt Forum Nordvest.

– For norsk verftsnæring er dette ei svært viktig sak, men medan vi ventar på ei avklaring må vi fylle opp ordrebøkene med anna arbeid.

Stor påskeaktivitet
Han opplyser at det for tida er stor aktivitet ved Myklebust Verft med ombygging av Røkke-skipet Akofs Seafarer i tillegg til nybygg for Sølvtrans og ombygging av hurtigruta Richard With.

– I påska har vi hatt stor aktivitet med rundt 150 arbeidarar i sving.

Publisert: 21.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.04.2022 00:13

Mer om