Mykje å bruke pengar på
På ein-to-tre fann regjeringa tre milliardar kroner ekstra til Forsvaret. Det er mykje meir å bruke pengar på framover - og noko må få mindre.
ANALYSE:
Milliardane til Forsvaret kjem allereie i år og skal brukast til å betale for at marinefartøya er meir på tokt, at Hæren og Heimevernet øver meir, auke mottakskapasiteten for allierte troppar, styrke etterretningsarbeidet og forsvar mot digitale angrep.
Ein av milliardane skal brukast til å kjøpe fleire uniformer, meir ammunisjon og bygge opp større drivstofflager.
At det er uniformsmangel seier kanskje sitt om korleis det har vore tenkt om forsvar, men no ser det ut til å vere eit breitt fleirtal for at det skal brukast meir pengar.
Neste sjanse til å løyve meir er i revidert nasjonalbudsjett i mai, deretter i statsbudsjettet for 2023 til hausten.
Det manglar ikkje tiltak på bruke pengar på.
Den ferske «Forsvarsanalysen 2022» listar opp fem hovudmanglar med dagens forsvar:
- Manglande beredskap og evne til å halde ut.
- Sårbar kommunikasjonsevne, spesielt over lange avstandar.
- Underdimensjonert luftvern.
- Forsvaret har vanskar med å halde på kompetanse, rekruttere og utdanne nok. Mange i dagens offiserskorps når pensjonsalderen innan ti år.
- Fare for at sivile forsyningsliner sviktar.
Det første og siste punktet kan delvis bøtast på ved organisering og trening, men også der er større løyvingar ein del av svaret på korleis forsvarsevna kan styrkast.
«Hovedkonklusjonen er at det ikke er balanse mellom oppgaver og
struktur, og at det er en skjør balanse mellom struktur og økonomi», konkluderer rapporten.
Analysen blir publisert av Forsvarets Forskingsinstitutt (FFI) kvart år på bestilling frå Forsvarsdepartementet. Storparten av arbeidet med årets analyse vart gjort før Russland gjekk til angrep på Ukraina. Konsekvensen av krigen i Ukraina blir først analysert i neste års rapport.
Klikk her for å lese heile Forsvarsanalysen 2022.
Auka løyvingar til Forsvaret opnar for fleire oppdrag også for næringslivet. Om Noreg skulle velje å bygge fleire skip (med unntak av ubåtar) kan dei bli hos norske verft, med påfølgjande utstyrsleveransar.
Det kan kome den maritime klynga på Nordvestlandet til gode. Men næringslivet i regionen er først og fremst retta mot den sivile marknaden. Det mest interessante blir kva styresmaktene eventuelt vel å bruke mindre pengar på dersom forsvaret får meir.
Les også
Ein rekke bedrifter på Nordvestlandet skal levere utstyr til dei nye kystvaktskipa.
Roar Gjerde leiar arbeidet med kjempekontrakten, som gir arbeid i lang tid framover ved Vard-verft.
Etter den kalde krigen tok slutt krympa forsvarsbudsjetta år for år fram til år 2000, før dei byrja å vekse igjen, skriv Forsvarets forskningsinstitutt i ein rapport om pengebruken på forsvaret. Rapporten kom i 2015, og forsvarsbudsjetta har auka også etterpå, men enno ikkje opp til NATO-målet om å bruke to prosent av brutto nasjonalproduktet.
Krigen, opprustinga og handteringa av flyktingkrisa, kjem til på tvinge fram noko som norske politikarar ikkje har vore så opptekne av på ei god stund, sa statsminister Jonas Gahr Støre i sin tale til landstyremøte i Arbeidarpartiet i mars:
- No blir altså forsvar viktigare, og flyktningar kjem til å gi utgifter, pluss at økonomien er det han er. Då må vi hente fram eit ord som kanskje ikkje har vore brukt så mykje dei siste åra. Vi må nemleg prioritere.
Les også
Hareid-selskapet er verdsleiande på cruise, har fått gjennombrot på militærfartøy.
Etterlyser tiltak som vil raskt vil ha effekt for verft og utstyrsleverandører.
Topptungt Frp-lag fekk forslag om korleis politikarane kan hjelpe den maritime klynga.
Publisert: 18.04.2022 05:00
Sist oppdatert: 04.05.2022 11:11