Vil ha meir blest om klippfisken her heime
MANGE PRODUKT: Familiebedrifta Jakob & Johan Dybvik har kring 30 ulike klippfiskprodukt. – Det nye kallar vi klippfisk for folk i farta, seier Sindre Dybvik (t.h.) og viser fram ulike produkt til fiskeriminister Harald Tom Nesvik (t.v.). Jan Petter Dybvik (nr. 2 f.v.) er den andre av tre brør som driv selskapet i 3. generasjon. Johan Dybvik (nr. 2 f.v.) er ein av fleire frå 4. generasjon som jobbar i bedrifta, men er førebels mest oppteken med utdanning.
Nytt

Vil ha meir blest om klippfisken her heime

Klippfiskprodusenten Dybvik har auka inntektene kraftig, men overskotta skulle gjerne vore høgre. Då fiskeriministeren kom på besøk, fekk han vite korleis regjeringa kan hjelpe. 

Marius Rosbach
30.06.2019
Pilane for Jakob & Johan Dybvik på Fiskarstrand peiker oppover både når det gjeld omsetnad og talet på tilsette. Men klippfiskbrørne frå Sula hadde fleire forslag til kva regjeringa kan gjere for at overskotta skal verte høgare.
Mindre skjemavelde i søking til forskingsmidlar og meir marknadsføring av klippfisken innanlands stod på ønskjelista då fiskeriminister Harald Tom Nesvik besøkte Sula-bedrifta torsdag.

Klippfisktilhengjar

Fiskeriministeren og andre frå regjeringa er i desse dagar ute på ein turné for å få innspel frå små og mellomstore bedrifter. Nesvik er ein svoren klippfisktilhengjar og full av lovord om både smak, kvalitet og effekt på helsa.
– Folk veit alt for lite om klippfisken på Austlandet. Dei må lære seg kva dette er og korleis det kan verte laga til, påpeiker han.
Nesvik meiner Dybvik er på rett veg med å satse mot ferdige middagsprodukt.
– 80 prosent lagar berre den raude bacalaoen og veit ikkje om anna. Då må vi introdusere dei for nye produkt, seier Sindre Dybvik.

Kraftig inntektsauke

Saman med brørne Jan-Petter og Jakob er Sindre Dybvik 3. generasjon eigar og drivar av familiebedrifta som har eksporter klippfisk i snart 100 år. Dei siste 15-20 åra har dei satsa på foredla produkt og retta seg meir mot den norske marknaden.

Etter å ha hatt ein omsetnad på 25 til 30 millionar dei siste fem-seks åra, har inntektene skote i veret i fjor og i år.
– I fjor låg vi på 35 millionar og i år ligg vi an til ein omsetnad på vel 40 millionar. Mykje av auken er på dei nye produkta som ein kan nytte same dag dei kjøpast, seier han.
På bordet framfor ham er alt frå klippfisk-carpaccio, loins i ferdigpakningar og bacalao-gryte klar til å varmast, i tillegg til tradisjonelle produkt.
Rekneskapen for i fjor er ikkje klar enno, men Dybvik seier driftsresultatet enda på kring to millionar – om lag som åra før.

Ba om mindre skjemavelde

Dybvik-bedrifta har nytta seg av ulike former for støtte, i første rekkje Skattefunn-ordninga, i arbeidet med å utvikla nye produkt. Men dei legg ikkje skjul på at det er krevjande og at dei ønsker seg enklare ordningar.
– Det er mykje skjemavelde og byråkrati, seier Sindre Dybvik litt oppgitt: – Det er mykje papirarbeid med å søke. Men også når ein har kome gjennom nålauget, er det skjema og krav til dokumentasjon for å få gjennomført prosjekta. Det tek også mykje tid, påpeiker han.
– I mange små og mellomstore bedrifter som oss, er det hektiske kvardagar med mykje armar og bein. Då er det vanskeleg å få til å prioritere slikt arbeid, legg broren Jan-Petter til.
Les også:


Nesvik vil forenkle

På det punktet var ikkje Nesvik vond å be. Statsråden meinte det minste ein kunne gjere var å sørge for at bedrifter som allereie har rapportert tall via Altinn, slapp å føre opplysningane «dobbelt opp» i søknadsprosessar.
– Eg trur at tidsbruken knytt til dette skjemavelde er noko av det viktigaste for bedriftene å få ned, sa Nesvik.
Han viste til at og at dette var eit prioritert arbeid.
Les mer:

Ønskjer meir marknadsføring i Norge

Meir marknadsføring av klippfisken innanlands var også mellom ønska til Dybvik – som har Norge som deira viktigast marknad.

– Kanskje kan eksportavgifta også nyttast til generell marknadsføring av klippfisk i Norge, ymta Sindre Dybvik frampå.
Sjølv om Nesvik gjerne vil ha klippfisken meir kjend, er han lunken til alternativ bruk av eksportavgifta. Han peikar også på at det er Norges sjømatråd, og ikkje han, som avgjer korleis midla skal nyttast.
– I den norske marknaden er det i hovudsak opp til aktørane sjølv å marknadsføre sine produkt, sa Nesvik.

– Snakk med stortingspolitikarane

Sindre Dybvik påpeiker at på eksport, er det gjerne prisen som er den største hindringa for å komme inn på marknader i utlandet.
– Ved å redusere eller ta vekk eksportavgifta for vesentleg bearbeida produkt, blir ein meir konkurransedyktig på pris og kjem lettare til på eksportmarknaden, seier Dybvik.
Fiskeriministeren kom med følgjande råd:
– Kanskje den viktigaste marknaden for klippfisknæringa er Stortinget. Begynn å snakk med politikarene der. Eg skal garantere at 90 prosent av stortingspolitikarane veit «alt» om landbruk, men om du spør fisk og ulike produkt, så trur eg kunnskapen er mykje mindre. Vi må ha opp engasjementet og haldningane kring denne næringa, sa Nesvik.
Les også:

Kanskje den viktigaste marknaden for klippfisknæringa er Stortinget

Publisert: 30.06.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36