Hofseth biocare midsund foto hofseth biocare 11
MIDSUND: Fabrikken til Hofseth Biocare i Midsund. Selskapet auka inntektene med 93,5 prosent frå første kvartal i fjor, til i år. Foto: Hofseth Biocare
Nytt

Dobla inntekt og mindre tap

Betra resultat, men skrell på børsen for Hofseth Biocare.

Marius Rosbach
06.05.2022

Hofseth Biocare nær dobla inntektene i årets første kvartal samanlikna med i fjor. Det viser kvartalsrapporten som blei offentleggjort i ei børsmelding fredag.

Selskapet som har gått i minus kvart år sidan oppstarten, går framleis i minus, men tapa er relativt sett, betydeleg mindre enn for eitt år sidan (sjå tabell under).

Marknaden si mottaking av resultata fredag, tyder på at dei hadde håpt på betre resultat. Aksjekursen var ved 10-tida ned med 5,43 prosent.

Så langt i år er nedgangen i aksjekursen på meir enn 40 prosent.

Ventar betring i topp- og botnlinje
Administrerande direktør og storaksjonær Roger Hofseth opplyste på slutten av fjoråret, at selskapet passerte eit vendepunkt i 2021, og ventar vidare vekst framover.

Auka prisar vil forbetre både topp- og botnlinja i år, skriv selskapet i fredagens kvartalsrapport.

Bakgrunnen for betringa i resultatet er også eit skifte til meir ekslusive produkt. Det er særleg i Europa og Asia at salet har teke seg opp.

Høgste omsetning så langt
Med unntak av 2017 - då sal av bygningar sto for mykje av inntektene – er var driftsinntektene i fjor dei høgaste hittil

Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri, til helsekostprodukt, ingrediensar til dyrefôr og har produkt under utvikling for legemiddelmarknaden.

Hofseth Biocare ASA
1. kvartal. I mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
30,7
16,8
Driftsresultat
-33,5
-25
Resultat før skatt
-35,6
-26,8

Publisert: 06.05.2022 09:45

Sist oppdatert: 06.05.2022 10:34

Mer om