20211214 104107
BATTERI: Havila Capella kan gå fire timar på batteri. Her frå Trondheim hamn, der ladesystemet snart er klar til å takast i bruk. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Vil ikkje ha dåp med koronarestriksjonar

Utset dåpen av Havila Capella til det er muleg å ha folkefest.

22.12.2021

Havila Kystruten utset dåpen av Havila Capella, det første av fire skip frå Herøy-selskapet.

Dåpen var planlagt til 15. januar, med Hege Sævik Rabben som gudmor.

No er dåpen utsett på ubestemt tid.

Administrerande direktør i Havila Kystruten, Bent Martini, seier i ei pressemelding at dei ønskte å invitere mange gjestar både på kaia og om bord i skipet på den planlagde dåpen på Mjølstaneset.

- Dagens reglar avgrensar sterkt kor mange menneske som kan samlast både innandørs og utandørs.

- Difor utset vi slik at vi kan lage den folkefesten som vi ønsker at dåpen skal vere.

Ny dato for dåpen er ikkje bestemt. Selskapet opplyser at det kjem an på kor lenge det går før det blir gjenopning av samfunnet og ein kan samle folk igjen.

Havila Capella starta på jomfruturen frå Bergen 12. desember, og skal ut på ny rundtur 23. desember.

Det neste skipet, Havila Castor, skal etter planen ha første avgang frå Bergen 7. april medan dei to neste, Havila Polaris og Havila Pollux kjem framover mot sommaren.

Publisert: 22.12.2021 08:04

Sist oppdatert: 22.12.2021 08:19

Mer om