Bd61193f 2376 4f28 ba31 d9dff4a9dbd4 wml 1
POLITISK PLATTFORM: Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordførar i Ålesund. Foto: Børge Sandnes/Ålesund kommune
Nytt

Vil ikkje offentleggjere politisk plattform

Frp, Høgre og Ålesundlista har ein avtale for styringa av Ålesund, men vil ikkje vise den fram.

22.11.2023

Framstegspartiet, Høgre og Ålesundlista sikra seg eit solid fleirtal i årets kommuneval. Det førte til at samarbeidspartnarane med Arbeidarpartiet i spissen, som før styrte kommunen, er skifta ut. No er Håkon Lykkebø Strand (Frp) ordførar, Monica Molvær (H) varaordførar og Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista) leiar for planutvalet og kommune sine nye frontfigurar.

Allereie då dei tre partia offentlegjorde at dei var samde om eit samarbeid om å styre Ålesund dei neste fire åra, vart det sagt at dei også var samde om den politiske plattformen for samarbeidet.

Å legge den fram har dei hittil ikkje ønskt. Under formannskapsmøtet tysdag 21. november, som handsama framlegg til kommunebudsjett for 2024 gjorde ordførar Håkon Lykkebø Strand det klart at den politiske plattformen heller ikkje skal offentleggjerast.

Sjå debatten om Ålesund kommune sitt budsjettet 2024 her

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Anne Berit Støyva Emblem, har tidlegare etterlyst den politiske plattformen til Framstegspartiet, Høgre og Ålesundlista.

I innleinga til budsjettdebatten tok ho opp saka på nytt.

- Har de ei politisk plattform å ta utgangspunkt i, og er det forventa at vi får sjå dette nokon gong, spurte Støyva Emblem.

- Ja. Vi har ein politisk plattform og vi er enige om ei rekkje politiske saker som vi skal gjennomføre. Men med tanke på dei Dødehavsrullane som tidlegare posisjon hadde, så ønskjer ikkje vi å legge fram heile den regla. Vi viser heller til det budsjettet vi legg fram no. Og eg kan informere representanten Støyva Emblem at stor deler av den politiske plattformen ligg inne i budsjettforslaget for 2024 gjennom både politiske prioriteringar og verbalforslag, så det ligg der, svarte ordførar Håkon Lykkebø Strand.

Fortalde om mediestrategi
I starten av oktober i år sa Lykkebø Strand til NETT NO at det var semje om den politiske plattformen for dei tre partia, og at dei hadde ein mediestrategi om å gå ut med innhaldet i fleire delar.

Om og eventuelt når, heile den politiske plattformen skal leggast fram samla, var det då ikkje tatt stilling til.

17. oktober 2019 la fleirtalskoalisjonen etter kommunevalet i Ålesund, med Arbeidarpartiet i spissen, fram sin politiske plattform den ville arbeide etter i den komande fire-årsperioden.

Det detaljerte, 11 sider lange dokumentet frå 2019 kan du lese her.

Publisert: 22.11.2023 09:15

Sist oppdatert: 22.11.2023 20:37

Mer om