Vil ikkje ta rekninga for groen ferjedrift
MANGE FLEIRE ELFERJER: På få år har eit reiarlag som Fjord 1 fornya ferjeflåten kraftig. No har dei kring 35 elferjer. 
Nytt

Vil ikkje ta rekninga for grøn ferjedrift

Ferjefylka saman i kampen for meir ferjepengar. Samtidig vender politikarane i Møre og Romsdal tommelen ned for dyrare billettar. 

03.11.2020
(NPK-Kari Hamre-NETT.NO) Alle ferjefylke er samde om at ferjeflåten må fornyast og få ned utsleppa for å vere med i den store miljødugnaden, men då må ein få meir støtte frå staten for at ikkje befolkning og næringsliv skal bli skadelidande med høgre billettprisar og reduserte avgangar.
Dette vart understreka på den nasjonale konferansen tysdag om ferjefinansiering, som ferjefylka Nordland, Møre og Romsdal, Troms og Finnmark og Vestland og KS stod bak.
Bakteppet for konferansen var at fylkeskommunane og ferjepassasjerane har enda opp med rekninga for at ein skal innføre nullutsleppsferjer. Kostnadene har auka meir enn dei statlege overføringane. Auka billettprisar førte til eit ferjeopprør på kysten førre vinter.
I haust kan eit nytt ferjeopprør ha blitt stoppa allereie medan det var i kjømda. Både Ap, Høgre og Sp sine folk har opplyst til at dei seier nei til med ei takstsone.

Protestar har gitt nasjonal merksemd

– Eg vil nytte høve til å takke protestaksjonen mot auka ferjetakstar i Møre og Romsdal, for hadde det ikkje vore for det store og sterke engasjementet som dei har vist førre vinter trur eg ikkje temaet om underfinansiering av ferjer hadde fått så stor nasjonal merksemd som det har fått. Eg heiar på protestaksjonen sjølv om dei kjeftar på meg. Dei har sett søkjelys på eit viktig tema, sa fylkesordførar i Møre og Romsdal Tove Lise Torve mellom anna på konferansen.

Ferja viktig for næringslivet

Torve meiner at overføringane frå staten må spegle dei faktiske kostnadene som fylkeskommunane har på ferjedrift slik at ein kan halde fram å leggje til rette for verdiskapinga som skjer langs kysten.
– Vi er eit eksportfylke. Bedriftene våre treng opne vegar og ferjer som går. No er vi i den situasjonen av vi reduserer avgangar på ferjene for å kutte kostnader for å kome nærare dei overføringane som inntektssystemet gir oss. Eksporten frå Møre og Romsdal er viktig for Noreg og skal vi vere med å bidra til fellesskapet må folk og næringsliv ha eit ope og tilgjengeleg vegnett. Ferjene er eit viktig del av vegnettet, sa Tove Lise Torve.

Vil ikkje bli ofra på klimaalteret

Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune er svært entusiastisk for nullutsleppsferjer og meiner dei er avgjerande å gjere noko med transportsektoren for å nå klimamåla som Noreg har sett seg. I Hordaland har 17 ferjesamband fått nullutsleppsferjer. Men det er også knytt store utfordringar til den grøne omstillinga.
– Det kostar å liggje i tet i omstillingar. Det er store startkostnader. Teknologiskiftet gir oss stor kostnadsauke fram til at vi får kompensasjon frå staten. Vi må kutte over heile linja og det gjer at ferjetilbodet ligg i nedre skår på frekvens. Det har ført til ferjeopprør langs heile kysten, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland.
Han og kollegaene vil vere med på å redde klimaet, men viss fylka blir ofra på klimaalteret går motivasjonen ned til å vere med på dugnaden meiner Askeland.

– Må bli kompensert

– Det vi har gjort i Hordaland og som vi har i lyst å halde fram med i heile Vestland fylke, er jo å redde klimaet. For at vi skal vere med på dugnaden slik at Noreg når utsleppsmåla sine, må vi få økonomien til å gå i hop. Vi må få ein kompensasjon for det det kostar for å gjere eit teknologiskifte. No er vi blitt økonomisk straffa for å gjere det og då går iveren vår ned. Så stortingspolitikarar og regjering må sørgje for at vi blir kompensert, sa Askeland.

Styrke for den maritime næringa

Noregs størte ferjereiarlag Fjord1 har 80 ferjer i flåten, av desse er 25 førebels el-ferjer. Innan utgangen av 2021 skal det vere 36 elferjer i drift i selskapet.
Konsernsjefen vart på konferansen spurt om kva satsinga på el-ferjer betyr for reiarlaget og den maritime næringa.
– For oss i Fjord1 har det vore ei eventyrreise. I 2017 hadde vi ingen elferjer. Eg vil påstå at innføringa av miljøferjer er det største som har skjedd i den maritime næringa sidan forbrenningsmotoren. Å ta vare på miljøet er blitt ein viktig drivar for den maritime næringa. Vi har sett næringa på verdskartet og det styrkar oss internasjonalt, sa konsernsjef i Fjord1, Dagfinn Neteland.
– Den maritime næringa går føre alle andre næringar og viser veg. Og Fjord1 har fått ny kompetanse inn i selskapet. Så må vi bruke den lærdomen og kompetansen som vi har fått til å utvikle nye forretningsmodellar, sa Neteland mellom anna.
(©NPK)
Eg heiar på protestaksjonen sjølv om dei kjeftar på meg. Dei har sett søkjelys på eit viktig tema

Publisert: 03.11.2020 19:26

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:55